Derfor skal DU gå i 8. mars-tog!

Maria Bonita Igland og Frida Myklebust Amdahl
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Her er nokre årsaker til kvifor me meiner ein lyt gå i 8. marstog, også i 2018.

1. Noreg opererer framleis med lønn etter kjønn

Frida Myklebust Amdahl (17) er fylkesstyremedlem i Trøndelag SU og har skrive dette innlegget saman med Maria Bonita Igland (19), landsstyrerepresentant for Hordaland SU. Foto: privat

I Noreg har jamstillinga kome langt, men ikkje langt nok. Ifølgje SSB tente kvinner i 2016 86 % av det menn gjorde, og dette skuldast at dei tradisjonelle kvinneyrka framleis vert underbetalte samanlikna med mannlege.

At kvinner framleis tener mindre enn menn gir store konsekvenser. Korleis skal kvinner lausrive seg frå valdelege forhold om dei veit at det tyder å ikkje ha nok pengar til å betale rekningane sjølv? Korleis kan ei kvinne som kjemper mot sosial kontroll kome seg ut av miljøet når ho er økonomisk avhengig av mannen?

Kampen for likelønn er ein av dei viktigaste kampane for kvinnerørsla. Jamstillinga er ikkje reell før lønn etter kjønn ikkje lenger er eit problem og før kvinnelønna er heva.

2. #Metoo – eit samfunnsproblem

I haust 2017 blei verda teke med storm av #Metoo-kampanjen. I Noreg har #Metoo kome i fleire variantar. Med ulike emneknagger som #Ikkjetilforhandling og #Nårmøtevertheva har tusenvis av kvinner frå ulike miljø og bransjar delt fryktelege historier om seksuell trakassering.

#Metoo-kampanjen har synt at seksuell trakassering framleis er eit strukturelt problem dei fleste kvinner har opplevd. Berre i Noreg vert 1 av 10 kvinner utsett for valdtekt i løpet av livet, og kvinner avgrensast framleis av uynskja seksuell trakassering. Dette viser kvifor det trengs å gå i 8. mars-tog i 2018.

Sumaya Jirde Ali har måtta tåla mykje hets. Arkivfoto: Andrea Nøttveit

3. Eg støttar Sumaya Jirde Ali

I løpet av dei siste dagane har samfunnsdebattant Sumaya Jirde Ali vore utsett for hatske og rasistiske ytringar frå ein hatkampanje som kjem ifrå nettsida Resett.

Dei hatefulle utsagna minoritetskvinner som Ali blir møtt med er noko som diverre skjer altfor ofte, og noko me også har sett skje med Hadia Tajik og Lan Marie Nguyen Berg. At minoritetskvinner blir møtt med rasisme og hatefulle ytringar for å delta i samfunnsdebatten er eit enormt demokratisk problem.

Verda er ikkje jamstilt når det framleis er menneska som kallar kvinner i hijab for «burkafitte» kvar gong dei ytrar seg. Me er ikkje jamstilte når ikkje-etnisk norske kvinner vert truga med vald for deira engasjement mot sosial kontroll eller rasisme. Om nokon ynskjer å ytre seg lyt eit religiøst plagg eller eit utanlandsk namn vere det siste som stoppar dei.

4. Til kamp mot venleikstyranniet

Kvar dag blir ungdom møtt med tusenvis av reklameinntrykk. Desse inntrykka møter dei i idretten, i garderoben når ein skal sjå på ballettdrakt og på busstoppet. Retusjering av modeller skaper urealistiske ideala, og i dag fortel desse ideala at det å vere kvit og slank er synonymt med det å vere vakker.

Som ein konsekvens av desse ideala lid 50 000 kvinner mellom 15 og 44 av eteforstyrringar ifølgje Folkehelseinstituttet. Unge kvinner får livet deira øydelagt i jakta etter den perfekte kroppen, og for mange jenter kjenner på eit sjølvforakt fordi dei ikkje ser ut som kvinnene i reklamen.

Me går i tog for alle kvinner som kjenner eit sjølvforakt knytta til korleis dei ser ut. Me går i tog fordi venleik er så mykje meir enn det reklameplakaten seier og det industrien promoterer.

5. Internasjonal solidaritet med alle verdas kvinner!

8. mars handlar ikkje berre om å markere viktige kamper i Noreg, det tyder også å stå i solidaritet med våre systera i andre land.

I vår tid står verda overfor den største flyktningskrisa siden 2. verdskrig. Millionar av menneske er på flukt, og fleire av desse er kvinner som vert offer for tortur og vald. I São Paulo blir ei kvinne utsett for overgrep kvart 15. sekund, og mellom 2005 og 2015 har talet på drap på kvinner i Honduras auka med 260 %. I Latin-Amerika har halvparten av kvinner som bur i storbyar opplevd ei valdtekt minst ein gong i løpet av livet, og fleire av desse er redde for å gå åleine på gata som følgje av dette.

Kvinnekamp trengst i heile verda, og det er dette 8. mars tyder – ideen om solidaritet på tvers av landegrenser med alle verdas kvinner. Me går for kvinner i heile verda – gjer det du også!

Kjelder:
Humanosphere om vald mot kvinner i Latin-Amerika. Vitja 06. 03. 2018:
http://www.humanosphere.org/human-rights/2016/01/women-in-latin-american-cities-face-higher-rates-of-sexual-assault-and-the-number-is-growing/