105 norske mediehus hadde opplagsframgang i 2017, viser ferske tal frå MBL. For første gong les fleire på mobil enn på papir.
NPK-NTB-Nina Haabeth
NPK-NTB-Nina Haabeth

– 2017 vart eit historisk år. Opplaget for avisene til mediehusa har vore fallande sidan 1997, men no – etter 19 år med nedgang – har 46 prosent av titlane vekst i opplaget, fastslår administrerande direktør Randi S. Øgrey i MBL.

Den positive utviklinga kjem først og fremst av at auken i digitalt opplag er større enn nedgangen i opplaget på papirutgåver.

Totalopplaget for aviser tilslutta MBL og LLA auka med 0,7 prosent frå 2016 til 2017. 46 prosent av avisene kunne notere oppslagsvekst i 2017, noko som er ein høgare del enn året før.

Digitalt størst

Det er første gong at det reine digitalopplaget er større enn delen papirabonnement.

Det reine papiropplaget utgjer no 18 prosent, det betyr at papiropplaget gjekk ned med 6,4 prosent. Digitalopplaget auka i fjor med 8,7 prosent.

Totalopplaget for norske aviser er cirka to millionar eksemplar. Av dei 105 avisene med opplagsframgang er det Aftenposten som aukar mest i talet på eksemplar. Også mange lokalaviser kan vise til opplagsframgang, deriblant Bergensavisen.
Lokalaviser står sterkt
Dei over 100 lokalavisene knytt til LLA har eit samla nettoopplag på nesten 330.000 eksemplar.

– Lokalavisene står framleis svært sterkt blant folk i Noreg. Lokalavisene tar samfunnsansvar og er lim og lupe i lokalsamfunnet, fastslår generalsekretær Rune Hetland i LLA.

Gledeleg utvikling

Styreleiaren i MBL, Tove Nedreberg, seier at opplagsveksten er svært gledeleg.

– Men vi er framleis i ein tøff periode, og kampen om finansiering av journalistikken er ikkje over. Vi skal fortsette å utvikle oss og skape relasjon til lesarane. Vi må kjempe for kvar ei krone, seier Nedreberg.

– Vi skal også framleis jobbe for så gode rammevilkår for bransjen som mogleg, seier Nedreberg.

Auka annonseinntekter

Annonsemarknaden aukar også, viser den ferske oversikta. Prognosane viser at annonsemarknaden vil passere 20 milliardar kroner i år.

– Det er ein positiv trend i marknaden, vart det understreka på MBLs pressekonferanse onsdag.

Den største kategorien er dei digitale annonseinvesteringane. Digitale annonseinvesteringar vil ta nærmare 50 prosent i 2018, ifølgje prognosane.

Utsiktene for medieinvesteringar blir sagt å vere gode trass i at marknaden er midt i ei omstilling frå trykte til digitale medium.

Fleire mediegrupper viser god utvikling, viser oversikta.

Magasin

Nye lesartal frå Kantar Media viser ein liten vekst i den totale magasinlesinga på 1,2 prosent frå 2016 til 2017.

– Stabiliteten i magasinlesinga viser at blada har sterke band til sine lesarar, seier Øgrey.

Matblad trekkjer til seg lesarar, med ein lesartalsvekst på 17 prosent i 2017. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 7. mars 2018 13.53

Kommentarar

ANNONSE