Bompengeparti satsar nasjonalt – kan stela veljarar frå Frp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det krevst 5.000 underskrifter for å bli oppført i Partiregisteret. Førebels er FNB halvvegs, ifølgje NRK.

– Vi vil først og fremst satsa i dei store byane og då blir valet i 2019 viktig. Så vil vi vurdera om vi skal stilla lister til stortingsvalet i 2021, seier Frode Myrhol i FNB, som allereie er representert i bystyret i Stavanger.

Han seier FNB ikkje er ute etter å fiska Frp-veljarar spesielt, men snarare rettar seg mot bompengemotstandarar som ikkje vurderer å stemma på Frp.

– Vi tek litt frå både Høgre, Arbeidarpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti. Eg føler vi har skapt det perfekte politiske partiet, seier Myrhol.

Førsteamanuensis og statsvitar Svein Erik Tuastad ved Universitetet i Rogaland trur FNB kan utnytta regjeringsposisjonen til Frp til sin fordel.

– Det kan vera veldig smertefullt for Frp viss FNB får fotfeste, og eit etablert FNB kan vera risikabelt for oppslutnaden til Frp. Det kan bli ein sjølvstendig kime til regjeringsslitasje og i verste fall splitting i Frp, seier Tuastad til NRK. (©NPK)