«Når ein lurer på om likestilling er eit tapt slag. Då treng verda dagen idag»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

8. mars

Karoline Einang sit i sentralstyret for Changemaker og har skrive dette diktet i høve Kvinnedagen. Foto: privat

Å ikkje eige sin eigen kropp.
Å måtte hoppe når han seier hopp.
Å leve utan stemmerett.
Å vere den som aldri får bli mett.

Når å tisse er ei farleg affære.
stille og pen du alltid må vere.
Når bror går til skulen utan deg,
fordi brønnen med vatn er ein annan veg.

Å vokte seg mot ei uønska hand.
Å ikkje kunne ferdes åleine i mange land.
Å bli dømt for eit born du har mista.
Å lovlig bli slått og rista.

Når du alltid tjener mindre enn han.
Fordi du ikkje er ein mann.
Når ein lurer på om likestilling er eit tapt slag.
Då treng verda dagen idag