Listhaug: – Tradisjonen med kyrkjeasyl er ikkje broten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På bakgrunn av den informasjonen eg har fått, har eg full tillit til handteringa til politiet av denne saka. Nokre hevdar at det er brote ein norsk tradisjon med å respektera kyrkjeasyl. Eg er usamd i dette og har tillit til at politiet har følgt retningslinjene, skriv justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug i ein e-post til NTB torsdag kveld.

Kristeleg Folkeparti (KrF) sende tidlegare i veka eit skriftleg spørsmål til statsråden og bad Listhaug definera eit kyrkjebygg etter at ein afghansk familie på fem blei henta ut av forsamlingshuset til den frikyrkjelege kyrkjelyden Nytt Liv Sunnhordland på Fitjar fredag sist veke.

Politiet knuste ei rute og tok seg inn og arresterte familien, som hadde fått avslag på asylsøknadene sine. Politiet sjølv har fortalt at dei ikkje såg på forsamlingshuset som eit kyrkjebygg.

– Ein tøff jobb

Det er første gongen Listhaug vel å kommentera aksjonen.

– Denne jobben er avgjerande for at legitimiteten til asylinstituttet blir halden oppe. Det er ein tøff jobb å arrestera personar som er i ein svært vanskeleg situasjon, og ikkje minst når det er barn inne i biletet. Eg har full tillit til at politiet gjer dette så skånsamt som mogleg overfor alle involverte partar. Dei som blir sende ut har fått ei grundig vurdering av saka si som oftast i mange omgangar både hos utlendingsstyresmaktene og i rettsapparatet, skriv Listhaug.

– Det beste for alle partar er at personar med avslag reiser heim frivillig innan utreisefristen, og vi har raus kontantyting for å stimulera til dette. Når dei ikkje gjer det, er siste utveg bruk av tvang. Dette blir ein informert om, og det er dermed eit bevisst val frå foreldra si side at dei utset barna for tvangsretur. Eg forstår at dette er vanskeleg for dei det gjeld som har ønskt eit liv i Noreg, og også vanskeleg for personar og støttegrupper som har blitt kjende med dei, skriv statsråden.

Knut Arild Hareide meiner justisminister Sylvi Listhaug går til åtak på kyrkjeasylordninga. Foto: Eirik Helland Urke/Flickr/CC-lisens

Hareide skuffa

KrF-leiar Knut Arild Hareide er skuffa over at Listhaug no gjev si fulle støtte til politiaksjonen.

– Dessverre er den handteringa Listhaug no forsvarer, eit angrep på kyrkjeasylordninga, som vi veit at Frp vil fjerna. Eg skal vera den første til å seia at det ikkje er ei optimal ordning, verken for kyrkjelydane eller enkeltpersonane, men det er like fullt ein del av kulturarven vår som eg er glad for, seier Hareide til Vårt Land.

Hareide meiner Listhaug no opnar for ei gradering av ulike typar kyrkjebygg, der nokre typar kyrkjebygg blir rekna som meir høgverdige enn andre.

– At statskyrkjebygg skal vera meir verdt enn forsamlingshusa til frikyrkjene synest eg er veldig problematisk. Det krevjande i denne saka er at Politiets utlendingseining har fått velsigning frå den øvste statsråden sin til å kunne forskjellsbehandla ulike kyrkjesamfunn og gradera kyrkjebygningar, seier han.

Abid Raja (V)

Saka skal også ha skapt stort sinne hos regjeringspartnaren Venstre.

– Tradisjonen med kyrkjesyl skal – ja, skal – bevarast, seier justispolitisk talsmann i Venstre, Abid Raja til Vårt Land.

Han meiner politiet gjer lurt i å seia unnskyld etter aksjonen.

(©NPK)