Kritikarpris til bokdebutant

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 03.03.2018 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Winsnes fekk Kritikarprisen for boka «Hysj». Winsnes er illustratør og animatør, og har hatt art direction på kinofilmen om Albert Åberg. Ho har òg vore hovudanimatør på filmen «Moulton og meg», som vart nominert til Oscar i 2015. «Hysj» er hennar første bok.

«Hysj er ein solid debut som tek alle følelsene i før-ungdomstida på alvor», skreiv VG i ei melding i november.

Dei andre prisane

Cecilie Løveid (66) fekk prisen for beste skjønnlitterære vaksenbok. I fjor haust fekk ho Bragepris for boka «Vandreutstillinger». Boka er ei samling dikt om kunst og kunstnarar, deira liv eller verk, skriv forlaget hennar, Kolon, på si nettside.

Anne Bitsch fekk sakprosaprisen for «Går du nå, er du ikkje lenger min datter», og Øystein Vidnes fekk prisen for beste omsetjing for «Tre kvinner».

Carina Elisabeth Beddari vart Årets litteraturkritikar 2018 for sin innsats som kritikar i Morgenbladet.

Prisen er eit trykk av Håkon Gullvåg.