Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 03.03.2018 21:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Græt i tre dagar etter å ha lese dagboka til Anne Frank

Mange av oss tar Anne Frank for gitt. Dagboka hennar går inn i den store kategorien for  dokumentasjon frå andre verdskrig, innprenta gjennom fleirfaldige historietimar i skulen – alt dette ein skal læra, men som er altfor mykje til å eigentleg ta inn over seg.

Slik var det ikkje for Jeff Mangum, vokalisten og låtskrivaren i det amerikanske indiefolkbandet Neutral Milk Hotel. Forteljinga til den unge, jødiske jenta som lever i skjul for nazistane saman med familien i Amsterdam, og sidan døyr hjelpelaus i konsentrasjonsleiren i Bergen-Belsen i 1945, rørte Mangum så sterkt då han først las henne i 1995 at han græt i tre dagar etterpå.

Søkjande sjeler

Empatien for det uskuldige offeret blei forsterka av at Mangum kjente seg så godt igjen i dei personlege funderingane til Anne. I dagboka uttrykkjer ho både frykt og djup forakt for krigen som rasar rundt henne, men samstundes ber ho også ei indre, personleg konflikt: eit eksistensielt spørsmål om kva det vil seia å vera Anne Frank. Ho kjenner seg einsam, annleis, utilstrekkeleg; delt mellom den ho sjølv veit ho verkeleg er, og den ho framstår som for andre.

Anne byrjar å føra dagbok, som brev adressert til fiktive «Kitty», i mangel av vener ho kan vedkjenna seg til, og skrivinga blir ein måte å handtera den indre konflikten på, uttrykkja tankar ho elles må brenna inne med. Og når freden ein gong kjem, drøymer ho om å bli journalist.

«In the Aeroplane Over the Sea» av Neutral Milk Hotel blei gitt ut på Merge Records i februar 1998.

Mangum veks opp i den vesle sørstatsbyen Ruston, Louisiana på 1980-talet, og som frika kunstnarsjel i eit røft miljø kjenner han seg like utanfor. Til skilnad frå Anne Frank er han så heldig å finna likesinna rundt seg, og for venegjengen som etter kvart flyttar til storbyen og dannar musikarkollektivet Elephant 6, blir musikken ein veg til noko større enn dei tronge rammene i lokalsamfunnet. In the Aeroplane over the Sea er albumet der Mangum saman med barndomsvenene Jeremy Barnes, Scott Spillane og Julian Koster søkjer å overkoma avstanden i tid mellom seg og Anne, å inkludera henne i den sjelelege fellesskapen dei deler.

Tidsmaskin

Det underlege albumet vart ikkje møtt med nokon stor fanfare då det kom ut for ganske nøyaktig 20 år sidan, og kort tid etterpå vart bandet oppløyst. I dag blir det hugsa som ein av dei store kultklassikarane frå 90-talet – eit stilskapande album som har inspirert så ulike artistar som Arcade Fire, Kesha og Laura Gibson, men som framleis ikkje høyrest ut som noko anna.

In the Aeroplane byd på ei ofte kaotisk blanding av gitarstøy, trommeleven, sekkepiper, sag, blåsarar og skakke kassegitarar med høg leirbålfaktor. Musikalske referansar kan, om ein legg godvilja til, finnast i Captain Beefheart, Bob Dylan, Guided By Voices og det lokale skulekorpset ditt – men ei kvar slik utlegging av Neutral Milk Hotel er meir eigna til å skapa forvirring enn klårleik. Bandet sjølv, med Mangum i spissen, var mest inspirert av surrealistisk kunst og litteratur, austeuropeisk folkemusikk og eksperimentell kunstmusikk frå etterkrigstida, samt, sjølvsagt, den tidlegare nemnde dagboka.

I wished I could save her in some sort of time machine. – Jeff Mangum

Resultatet er eit album, i den konkrete tydinga av ordet: ei samling av bilete. Me møter ein gut med to hovud som lever i ei stor glaskrukke og byggjer ein magisk radio til kjærasten, me møter ein incestuøs gulrotblomekonge samt den valdelege mora og suicidale faren hans, me møter ei onanerande kommunistdatter, me møter Gud og Jesus. Og midt oppi dette kaleidoskopet av surrealistiske og overnaturlege fenomen dukkar altså Anne Frank opp, i uklåre bilete frå fødinga, livet, døden og etterlivet hennar.

«The only girl I ever loved was born with roses in her eyes», heiter det i «Holland, 1945»: «But then they buried her alive, one evening 1945, with just her sister at her side / and only weeks before the guns all came and rained on everyone». Den ufattelege, meiningslause urettferda får Mangum, i «Oh, Comely», til å ønskja seg ein tidsmaskin så han kan redda den unge jenta, draumane og ambisjonane hennar, og fortelja henne at ho ikkje er åleine.

Røysta i mørkret

Men gjennomgangstemaet på albumet er at soga om Anne Frank nettopp ikkje sluttar der, i massegravene i Belsen. Ho dukkar opp igjen like snart som ho forsvinn: «Now she’s a little boy in Spain, playing pianos filled with flames». Ho kunne nok like gjerne ha vore kva som helst anna – det viktige er at ho er i live, at anden hennar enno er her, for oss til å dela vidare: «There are lights in the clouds, Anne’s ghost all around / Hear her voice as it’s rolling and ringing through me».

Røysta Mangum bed oss lytta til er den same som, innesperra av det yttarste, fortapte mørkret, skriv dette i dagboka si: «I still believe, in spite of everything, that people are truly good at heart». Og: «I don’t think of all the misery, but of the beauty that still remains».

Du kan ta livet av Anne Frank, men dette håpet kan ikkje døy. Lengta etter å forstå, etter å elska, å bli forstått og bli elska, er del av sjølve det å vera menneske. Når Gud og Jesus innimellom dukkar opp på In the Aeroplane, er det som symbol for dette evige: «God is a place you will wait for the rest of your life».

Everyone has inside of him a piece of good news. – Anne Frank

Godt nytt

Anne Frank skriv: «Everyone has inside of him a piece of good news. The good news is that you don’t know how great you can be! How much you can love!» Det som gjer krigen, undertrykkinga eller eksluderinga så brutal og banal, er at ho held nede denne gode nyhenda folk ber med seg. Det er, som Mangum syng i «Holland, 1945», «so sad to see the world agree that they’d rather see their faces filled with flies / All when I’d want to see white roses in their eyes».

In the Aeroplane minner om at me deler noko grunnleggjande med Anne Frank: «One day we will die, and our ashes will fly from the aeroplane over the sea». Me sit alle, så og seia, i dette flyet over havet, medan me ventar på å bli deponert – nokon av oss meir brutalt enn andre. Sårbare og utilstrekkelege som me er medan me enno svever over vatna, kan me berre kjenna på denne djupt menneskelege undringa som ingen kan drepa: over livet, over kjærleiken, over det å vera til.

Eksplosjonen av skeive bilete og springande kjensler på In the Aeroplane er der for å kasta lys på denne konklusjonen, som Mangum uttrykkjer i tittelsporet: «Can’t believe how strange it is to be anything at all».

 

Ein tidlegare versjon av teksten stod på trykk i Balder – magasin for militærnektere i februar 2009.

Kjelder: