Han tar eit friår for å sykle frå Bøler til Beijing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Syklar frå Bøler til Beijing

 Saka er henta med velvilje frå Universitas.

– Ein treng ikkje berre la dagane gå, ein kan faktisk stoppe opp og tenke at nå har eg lyst til å gjera noko anna – og så gjere det, seier Jostein Hult. Han har tatt permisjon frå masterstudiet i kinesisk politikk og samfunn ved Universitetet i Oslo for å sykle. Turkameraten Truls Hestengen er einig.

– Andre kjøper leilegheit, flyttar inn med kjærasten og får fast jobb. Det freistar ikkje meg enno. Å sykle så lenge gir ein god tid til å tenke på kva ein eigentleg vil i livet, fortel Hestengen, som er nyutdanna ingeniør.

Hult planlegg å fullføre studiet og få jobb etter kvart. Men først vil han lære frå sykkelsetet, og ikkje frå skulebenken.

– Det er ein pose-og-sekk-situasjon, så kvifor ikkje gå for begge deler? Eg kan ikkje sitte på Blindern å få dei erfaringane eg vil få på tur, fortel han.

Dei sykla frå Bøler på tirsdag, og går alt etter planen står Hult og Hestengen i Beijing i slutten av juni. Då har dei lagt 15 000 kilometer bak seg.

Ikkje berre-berre å reise til Kina: Norske akademikarar får visumnekt

Bevandra
Det er ikkje første gong Hult legg ut på langtur. I 2012 gjekk han til fots frå Bøler til Bergen. I 2015 blei han med ein kompis på akklimatiseringsturen til Mount Everests basecamp, men innsåg at slike ekspedisjonar ikkje var noko for han. Der gjekk han på overbefolka stiar kor lokalbefolkning bar sekkane til utanlandske fotturistar, dei sov på hytter og fekk servert ferdiglaga mat. På sykkelen, derimot, får han vera sin egen herre.

– Eg likar ikkje å berre vera ei lita brikke i turen. Eg vil ha friheita til å velje vegen sjølv, seier han.


Avreisestaden er eksotisk på sin eigen måte. Foto: Dorthe Karlsen / Universitas

Begrensa budsjett
Det første målet er København. Frå der går turen gjennom Øst-Europa, Midtøsten og vest-Kina før dei kan helsa på formann Maos portrett ved den forbodne by i Beijing. Turens endelege mål var først Tibet, men dei innsåg at det blei ein altfor dyr affære. Det er nemlig pålagt av kinesiske myndighetar å bli eskortert av ein kinesisk turguide innanfor Tibets grenser. Ruta går i staden gjennom Kirgisistan og inn i Kina, over fjellpass på over 4000 meter.

– Ein kan ikkje sykle på alle hovudvegane, så det blir ikkje beine vegen fram til mål. Me har med oss vegkart og tar etappe for etappe. Elles må me spør lokalbefolkninga etter retninga, fortel Hult.

Turen har stramt budsjett, og gutane vil difor sove i telt eller på gjestfrie sofaer.

– Eg har som mål å ikkje bruke meir enn 150 kroner til dagen, seier Hestengen.

Det har Hult lite tru på.

– Det går i alle fall ikkje i dei europeiske landa, argumenterar han.

Han kjempar mot kinesiske styresmakter: Joshua Wong svoltestreika for demokrati

Billig protest
Det var Hult som først fekk ideen om sykkelturen. Etter eit intensivt år med kinesisk-studiar i Taiwan, hadde han lyst til å guide kinesiske turistar på ekspedisjonsturar. Men han fekk beskjed om at CV-en hans var for tynn.

– Dei såg etter folk som hadde erfaring frå Mount Everest eller frå ein av polane. Desse destinasjonane kostar fleire hundre tusen per tur. Denne turen er på ein måte eit svar til det presset, du kan faktisk berre gå ut døra di heime å legge ut på ein ekspedisjonstur utan at det treng å koste så mykje, fortel Hult.

Hult og Hestengen har kjent kvarandre sidan barndomsåra på Bøler, og Hestengen trengte ikkje å overtalast då Hult ba han med.

– Me tenkte først å haike, men sidan me begge er glad i å vera aktive fant me ut av me heller ville sykle, fortel Hestengen.

Blod, sveitte og tårer
For å kunne takle dei fysiske utfordringane på turen, har dei brukt lunsjpausane på å springa i trappane, sykla og etter kvart gått på ski.

– Det blir ikkje smertefritt. Det er difor me har kalla Facebook-sida vår for «the Rolling Moans», ler Hult.

Denne Facebook-sida vil bli oppdatert under heile turen.

– Eg er mest spent på å møte nye folk og kulturar, spesielt i Iran og stan-landa som eg kan lite om frå før. Det er jo det som er kult, at ein må gjennom alle landa på veg til Beijing og ikkje berre fly over dei, seier Hult.

Les meir på Universitas.no!