I fjor gjekk 23.817 norske elevar på privatskular, det høgste talet nokon gong. Det utgjer 3,76 prosent av elevane.
NPK-NTB
NPK-NTB

Tala kjem frå Statistisk sentralbyrå (SSB), som også kan opplyse at det var 244 privatskular – også kjent som friskular – i landet i fjor, skriv Vårt Land. Til no i årets søknadsrunde er tolv nye private grunnskular godkjent for oppstart til hausten.

Tre av skulane som har fått tommelen opp er kristne skular, medan ein søknad frå Stiftelsen Den muslimske grunnskole ikkje var ferdig behandla då fristen gjekk ut 1. februar. Stiftinga vil starte skule i Oslo, men kommunen er negativ.

«Etablering av skulen vil kunne gje auka segregering med dei samfunnsmessige utfordringane det medfører. Integrering er eit derfor eit moment («særleg grunn») som må tilleggast vesentleg vekt i den etterfølgjande søknadsbehandlinga», skreiv dåverande skulebyråd Tone Tellevik Dahl (Ap) i eit brev til Utdanningsdirektoratet i desember. Ho anbefalte «at søknaden ikkje blir godkjend». (©NPK)

Oppdatert: måndag 19. februar 2018 13.54

LES OGSÅ

ANNONSE