25 nominerte til gjeve barne- og ungdomslitteraturprisar
Når Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur blir delte ut 8. mars, er 18 kvinner og 7 menn nominerte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Prisane blir delte ut 8. mars på Nasjonalbiblioteket, melder Norsk barnebokinstitutt, som administrerer jury og prisutdeling.
Liste over dei nominerte
Litteraturprisen: Bjørn Ingvaldsen for «Lydighetsprøven. En tenkt fortelling om et barn», Marit O. Kaldhol for «Z for sorry» og Arnfinn Kolerud for «Snillionen».
Bildebokprisen: Mari Kanstad Johnsen for «ABC», Alice Lima de Faria for «Fuglefesten» og Kaia Dahle Nyhus for «En dag drar mamma».
Fagbokprisen: Amina Bile, Sofia Nesrine Srour, Nancy Herz for «Skamløs», Magnus Holm og Rune Markhus (ill.) for «Googolplex. Verdens største tall?» og Mariann Youmans for «Følelser til å bli sprø av».
Illustrasjonsprisen: Sissel Horndal for illustrasjonane til June Sommer Strasks «Gjøkungen Filius», Sigbjørn Lilleeng for illustrasjonane til Erna Oslands «Bestem deg Tony T, bestem deg!» og Iben Sandemose for illustrasjonane til Eva Jensens «Kom si, kom sa».
Debutantprisen: Ingvild Boberg og Helene Brox (ill.) for «Tre er en for mykje», Ingunn Thon for «Ollis» og Magnhild Winsnes for «Hysj».
Teikneserieprisen: Thomas Falla Eriksen for «Den fjerde veggen», Lars Fiske for «Grosz. Berlin–New York» og Ida Eva Neverdahl for «I’m a girl, it’s fantastic».
Omsetjarprisen: Line Almhjell for omsettinga frå svensk av Jessica Schiefauers «Guttene», Brit Bildøen for omsettinga frå dansk av Mette Eike Neerlins «Hest, hest, tiger, tiger» og Vibeke Saugestad for omsettinga frå amerikansk-engelsk av Angie Thomas’ «The Hate U Give».