Byd på fargerik utdanning

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fargerikt fag: Nadja Skarstein testar ut blomsterdekoratørfaget saman med Veronica Steinnes og Emilie Molnes, som er elevar på lina. Foto: Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

Karen Brandal er i gang med å lage ein fargerik blomsteroppsats i hjarteform. Ho er elev ved blomsterdekoratørlina ved Ørsta vidaregåande skule, den einaste skulen nord om Hordaland som tilbyr denne utdanninga. Skulen rekrutterer dermed frå eit stor område, frå heile Møre og Romsdal, i tillegg til Sogn og Fjordane, Trøndelag og nordover. Dei har hatt elevar heilt frå Troms fylke. Denne veka inviterte dei til workshop med gamle og nye elevar, lærlingar, bedrifter og høgt utdanna blomsterdekoratørar, for å vise kva moglegheiter utdanninga har å by på.

Åslaug Hildre var ansvarleg for workshopen. Ho jobbar som frilans blomsterdekoratør for Interflora-kjeda, som diska opp med fargerike blomster til dagen. Ho har prøvd det meste i faget, frå butikkjobbar til konkurransar i både Noreg, Europa og resten av verda. Ho har også ein noregsmeistertittel. No reiser ho rundt med kurs og foredrag for å motivere fleire til å satse på yrket.

– Eg trur ikkje alle er klar over kva moglegheiter som ligg i dette faget. Det handlar om mykje meir enn den tradisjonelle butikkjobben, som sjølvsagt er målet for mange. Men der er så mykje meir du også kan gjere. Det stoppar ikkje med fagbrevet. Det ønskjer vi å få fram. Berre kreativiteten set grenser. Har du eit ønske om jobb i utlandet, er det store moglegheiter for å få det til. Du kan jobbe som stylist og dekoratør. Det er berre å satse.

Blomsterdekoratør Ørsta vgs. Foto: Janne-Marit Myklebust

I Ørsta har dei plass til femten elevar. Dei som kjem hit er andreårselevar og har fullført vg1 design og handverk.

– Vi har hatt elevar som har vore 40 år. Det er aldri for seint å satse på dette yrket, men det er helst dei yngste som søkjer seg hit, sjølvsagt, seier fagansvarleg Tonje Sætre Indrearne.

På workshopen stilte både tidlegare elevar, som no er lærlingar, elevar som går på lina no, og elevar som ville snuse litt på faget for å sjå om dette kan vere noko for dei.
Fargerikt fag: Nadja Skarstein testar ut blomsterdekoratørfaget saman med Veronica Steinnes og Emilie Molnes, som er elevar på lina. (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Fargerikt fag: Nadja Skarstein testar ut blomsterdekoratørfaget saman med Veronica Steinnes og Emilie Molnes, som er elevar på lina. Foto: Janne-Marit Myklebust

– Vi har ein viktig jobb med å gjere lina kjend. Det er viktig å nå ut til skular som ligg utanfor Møre og Romsdal også. Difor inviterer vi til dette, for å vise breidda og mangfaldet i det vi jobbar med. Å få prøve ut ting i praksis kan gjere elevane sikrare på valet dei må gjere når dei vel utdanning. Det trur vi også vil vere med på å hindre fråfall – at dei unge unngår å ta feilval, seier Indrearne.

Dei har truleg satsa på verdas mest fargerike og godluktande jobb, dei som vel å bli blomsterdekoratørar. Regina Breivik frå Ålesund stortrivst som elev ved Ørsta vidaregåande skule.

– Det er utruleg spennande og lærerikt. Eg har valt rett utdanning, fortel ho.

Emilie Molnes er samd. Ho var med på workshopen som skulen arrangerte i fjor.

– Eg var usikker på kva eg skulle velje, men etter workshopen i fjor fann eg ut at eg ville gi dette ein sjanse.

Les heile saka i Møre-Nytt!