Pass deg for svartebørsfella!

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Viagogo har for tida mange annonsar for billettar til konsertar i Noreg. Desse dukkar opp når ein søkjer på Google.

– Vi vil åtvare forbrukarar mot å kjøpe billettar frå Viagogo eller andre svartebørsseljarar. Faren for at du kan bli lurt er stor dersom du kjøper frå andre enn den offisielle arrangøren, seier direktør i Forbrukartilsynet Elisabeth Lier Haugseth på tilsynet si nettside.

Både Forbrukartilsynet og Forbrukarrådet åtvarar mot å kjøpe konsertbillettar av svartebørsseljarar på nettet. Illustrasjonsfoto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK

Viagogo sel billettar til arrangement i Noreg i strid med den norske svartebørslova. Forbrukartilsynet kan gripe inn mot norske firma som bryt lova, men har avgrensa mynde til å gripe inn overfor Viagogo, som er etablert i Sveits.

Nordmenn som skal kjøpe billettar på nettet, blir råda frå å klikke automatisk på den øvste lenka som kjem opp når ein søkjer etter billettar i Google. Dette vil ofte vere ei lenke frå Viagogo eller ein annan svartebørsseljar.

Det er betre å finne nettsida til arrangøren av konserten, og bestille billettar på den måten arrangøren opplyser om.

Dersom du har kjøpt billettar frå Viagogo, finn du råd hos Forbrukarrådet om korleis du kan gå fram for å prøve å løyse eventuelle problem. (©NPK)