Listhaugs statssekretær ønsker fri innvandring

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rotevatn seier dette om reaksjonane på rolla hans som ny statssekretær hjå justisministeren.

– Då eg tiltredde, omtalte enkelte meg som Venstres vaktbikkje og enkelte som Listhaugs gissel. Eg skal ikkje vere nokon av delane, men ser på meg sjølv som ein brubyggjar, seier han til Aftenposten.

– Vi er eit team

Han påpeikar at det klart det vil vere prosessar der dei to har ulike syn.

– Men du kjem ikkje til å sjå at vi er ute og meiner ulike ting om same tema. Slik kan det ikkje fungere. Vi er eit team.

Statssekretæren seier at for han blir jobben å korte ned avstanden mellom Venstre og Frp, og legg til:

– Mitt personlege syn er at ei friast mogleg innvandring i verda bør vere eit politisk mål.

– Komfortabel

Rotevatn meiner det er for tidleg å seie om Jeløy-erklæringa strammar inn eller mjukar opp innvandringspolitikken. Men seier det er peikepinnar til innstrammingar når det gjeld familiegjenforeining, samtidig som det er liberaliseringar på arbeidsinnvandring utanfor EØS og ambisjonar om å ta imot endå fleire kvoteflyktningar.

– Eg er komfortabel med det som står der, understrekar han.

(©NPK)