Dramatisk kutt i støtta til Norsk Barneblad

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

600.000 kroner i støtte frå Kulturrådet vart i fjor redusert til 500.000 og i år til 420.000.

– Det går ikkje, vi kan ikkje drive med underskot år etter år. Vi har ikkje kostnader å kutte. Portoen går opp, og det blir ikkje billegare å trykkje. Vi driv seriøst, ikkje dugnadsbasert, og fagfolk må honorerast skikkeleg, seier Nana Rise-Lynum, ansvarleg redaktør i Norsk Barneblad, til avisa Nationen.

Ho fortel at opplaget har auka dei siste åra.

– For aviser er pressestøtta sånn at dei får meir i statsstøtte når opplaget veks. For oss er det for tida motsett. Ungane vil ha bladet, men dei vaksne gjer det vanskelegare å drive, seier ho.

Norsk Barnebladet har dei siste åra søkt om 600.000 kroner i støtte frå Kulturrådet, det svarar til 20 prosent av omsetnaden. (©NPK)