Rogaland vil vente på stortingsvedtak før eventuell samanslåing

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei lang og interessant liste som no er lagt fram. Det var mange forslag til oppgåveoverføringar som ser bra ut, mellom anna innanfor forsking og kultur, seier fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal til Nynorsk pressekontor.

– Rogaland kan klare oppgåvene aleine

Fylkestinget i Rogaland har tidlegare vedteke at omfanget og karakteren på dei nye oppgåvene skal avgjere om det blir nye diskusjonar om fylkessamanslåing med Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fylkesordføraren i Rogaland er open for å vere med i den nye vestlandsregionen med Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal. Foto: Rogaland fylkeskommune.

– Sjølv om det no er lagt fram forslag til nye oppgåver, vil vi vente på eit vedtak frå Stortinget før vi tek opp att diskusjonen i fylkestinget, fortel Tengesdal.

Basert på framlegget frå ekspertutvalet meiner ho det ikkje er nokon grunn til at Rogaland ikkje skulle kunne stå aleine dersom oppgåvene som no ligg føre blir vedtekne.

– Framlegget er forma med utgangspunkt i at Rogaland held fram som eige fylke. Difor er det ikkje noko som tilseier at Rogaland ikkje skulle klare dei nye oppgåvene aleine, seier fylkesordføraren.

Ber Stortinget følgje framlegga

Fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, er nøgd med framlegget til nye oppgåver.

– Oppgåvene utvalet føreslår, vil gje eit vitalt regionalt folkevalt nivå og ein demokratigevinst. Ved å politisere oppgåver og leggje dei til eit politisk folkevalt nivå, får vi betre sjanse til auka påverknad, seier ho i ei pressemelding.

Følling peiker på at når Stortinget har vedteke regionreforma, må dei syte for ei solid overføring av oppgåver til det folkevalde nivået.

Totalt vil forslaga medføre ein budsjettauke på 23,5 milliardar. Noko som svarar til eit auka rammebudsjett for fylkeskommunane på 32 prosent.