Elskar du katten din, er du langt meir positiv til andre dyr – og miljøet

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det verkar som om folk kan, grovt sett, delast inn i dei som har liten tilhøyrsle for dyr eller miljøet, og dei som gledar seg over begge og difor får kjæledyr sidan dette er ein av dei få måtane ein kan leve ut ei slik lyst i det urbaniserte samfunnet vi har i dag.

Rapporten, som er basert på to undersøkingar ved Université du Québec i Canada i 2017, gjer det klart at det er klare samanhengar mellom dei som har kjæledyr i heimen og dei som ikkje har det. Dei som har det får over tid ei meir positiv haldning til dyr generelt, og vidare til å identifisere seg med natur og få interesse for, til og med kjenne ansvar for, å tryggja han.

Kvifor det er slik er ikkje så lett å tyde ut i frå denne rapporten, men tidlegare studier har synt at dei som vel å ha kjæledyr ofte er dei som er einsame og har få nære vener/born, og at når dei då får seg kjæledyr blir dei som ein del av familien deira, slik at det som ser ut til å vere viktig for kjæledyra blir viktig for kjæledyreigarane òg.