Christoffer Bølla Riseng (26) og David Kristiansen (21) vil gjera det lettare å styra musikken på fest. 

– Det bli som ein moderne jukeboks. Når ein er på ein fest, skal det bli enkelt å ønskja, kontrollera, og dela songar, seier Christoffer Bølla Riseng.

I appen er det verten som lagar ei speleliste som folk kan kopla seg til. Gjestene søkjer opp songar på Spotify eller Soundcloud, og legg dei til. Songane blir så spelt av etter tur.

Tidlegare SingStar-sjef er med
«How many million do you need?», spurde ein amerikansk investor då dei var på messe i Lisboa.

I følgje dei unge entreprenørane har det vore stor interesse for appen allereie, sjølv om han ikkje er ute på marknaden endå. I løpet av januar og februar vert appen tilgjengeleg i AppStore og Google Play.

Med seg på laget har dei fått med seg blant andre Dave Ranyard, ein av mennene bak suksessen SingStar.

LES OGSÅ: Starta bedrift på 48 timar – her er tipsa

Veks av motstand
Denne morgonen skal dei halda ein presentasjon for oppstartshjelparane i ITSA i Stavanger. ITSA er ein akselerator for nye gründerselskap, og legg til rette for bedrifter i oppstartsfasen.

I salen sit andre gründerar og representantar frå samarbeidsbedrifter. Forsamlinga kjem med konstruktive tilbakemeldingar, gode råd, og beskjed om ting som bør forbetrast eller endrast på.

– Namnet er dritgodt, men gå meir i detalj på strategien, kjem det frå salen.

– Hugs at ingenting kjem rekande på ei fjøl, seier ein av mentorane.

Dei unge gründerane frå Requestify tar gode råd til seg, og fortel at dei veks av motgangen dei møter.

LES OGSÅ: Tom Erik (18) har vore redaktør i sju år

Requestify -- Christoffer Bølla Riseng (26) og David Kristiansen (21)
Riseng og Kristiansen satsar alt på prosjektet sitt. Her får dei tilbakemeldingar på kva dei kan gjere endå betre. Foto: Ingunn Gjærde.

Seljaren og fotografen
– Me er som yin og yang, me utfyller kvarandre, smiler Riseng.

Han får eit samtykkande nikk frå forretningspartnaren og kameraten. David Kristiansen er den kreative, og er filmskapar og fotograf i tillegg til å stå for designet.

– Eg har bevisst vald å ikkje studera. Der vert ein programmert til å tenkja på éin spesiell måte, seier han.

Riseng er seljaren, ein tidlegare bartender og salssjef som nå har satsa alt på draumen om å starta eiga bedrift.

– Me har gått på nokre smellar, seier Riseng.

Psykisk smell
Ifølgje dei unge gründerane kan det vera spesielt tøft psykisk. Gründerane er i ei eiga boble som entreprenørar, og ting tar ofte lenger tid enn ein trur.

– Når ein skal selja seg sjølv og sitt eige produkt, er ein sårbar, forklarer Kristiansen.    

For å finansiera satsinga har dei blant anna stått på stand som deltidsjobb  i helgene.

– Me har fått mange dører slengt i trynet, men det gjere noko med oss. Ein blir litt tøffare, seier Riseng.  

LES OGSÅ: Barnehagelærarar vart gründerar

Bur gratis hos pappa
Ei av dei største utfordringane som nyoppstarta bedrift er å få økonomien til å gå rundt.

– Eg tok opp lån på 200 000 kroner for å kunna slutta i den gamle jobben min førre sommar. Nå har eg brukt 250 000 kroner, så det kjem godt med at eg har ein snill familie, fortel Riseng.

For tida bur han gratis hos faren i Stavanger, og har selt bilen. Kristiansen har fotografjobb ved sida av arbeidet med Requestify.

– Men det har blitt litt Mastercard, innrømmer han.

– Det er godt David har fotojobben ved sida av. Me ønskjer ikkje at begge skal gå konkurs, smiler Riseng.  

– Svært krevjande
Tor Haugnes er høgskulelektor ved BI, og ansvarleg for bachelorprogrammet for entreprenørskap og økonomi. Han er klar på at å starta bedrift er svært krevjande.

– Det er mykje meir arbeid enn det mange unge, men også godt vaksne, forstår. Ein skal ha eit bra produkt, dei rette folka, og selskapet skal ha sunn økonomi. Den første fasen er spesielt tøff, og det er lite glamorøst å bu heime, seier Haugnes. 

Vidare fortel høgskulelektoren at på sikt bør ein tenkja at kvar tilsett bør omsetja for 1 million kroner. Sjølv om det høyrest mykje ut, er det slik ein kan sikra berekraftig drift og pengar til løn, skatt, avgifter, drift og utvikling.

Går for gull
For gründerane i Requestify er likevel planen klar: Dei skal overta musikkbransjen.

– Eg har berre éin plan A, fortel Riseng smilande. 

LES OGSÅ: Simon (20) er grunder frå sofakroken

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE