Ap og Sp krev beredskapslagring av korn – har truleg stortingsfleirtal

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Beredskapslagringa av matkorn vart avvikla i 2003. Sidan den gong har fleire aktørar og parti tatt til orde for å innføre ordninga igjen, men har ikkje fått det gjennom.

Overfor Nationen bekreftar alle dei raudgrøne partia at dei vil gå inn for ordninga. KrF har programfesta det same, men ventar på ei innstilling som næringskomiteen på Stortinget skal legge fram.

Ap varslar at partiet vil gå inn for å be regjeringa starte beredskapslagring i 2019, noko som ligg an til å få fleirtal.

– Lagra kan byggjast opp over fleire år, men oppbygginga må starte neste år. Dersom Stortinget seier vi skal ha beredskapslagring i 2019, så må regjeringa sette av nok pengar til det, seier landbrukspolitisk talsperson Nils Kristen Sandtrøen i Ap.

Behovet for ny beredskapslagring blir forklart med klimaendringar og den generelle sikkerheitssituasjonen.

– Det er ein meir spent situasjon, og vi skal byggje opp forsvaret vårt. Då er det naturleg at matberedskapen også må bli betre, seier Sps Geir Pollestad. Partiet varslar også støtte til forslaget om oppstart i 2019.