Ambisjonane i landbruksmeldinga er på kollisjonskurs med den faktiske utviklinga i norsk landbruk.

Per Anders Todal, Dag og Tid
Per Anders Todal, Dag og Tid

Det ligg store ambisjonar i stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken som regjeringa la fram sist fredag: Sjølvforsyningsgraden i Noreg skal haldast oppe, samtidig som matproduksjonen skal aukast med 20 prosent fram mot 2030, for å halde tritt med det stigande folketalet.

Men meldinga gjev ikkje klare svar på korleis ein skal nå eit slikt mål, når arealet med dyrka mark i Noreg minkar år for år. Og når det gjeld sjølvforsyninga, er sjølve talgrunnlaget omstridd: I dag reknar departementet med at Noreg har ei sjølvforsyning for landbruksprodukt på kring 50 prosent, målt i kaloriar. Men det talet gjev eit skeivt bilete når så mykje av matproduksjonen her i landet er basert på import av kraftfôr. Justert for den importen var sjølvforsyninga i fjor under 40 prosent, syner nye tal frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking.

Kollisjonskurs
Éin ting er klar: Måla som meldinga set for auka matproduksjon i Noreg, kolliderer med ei rekkje utviklingstrekk i norsk landbruk i dag. For å ta nokre døme:

– Importen av landbruksvarer målt i pengar er dobla på ti år.
– Det samla jordbruksarealet i Noreg krympa med fire prosent frå 2001 til 2010.
– Arealet brukt til kornproduksjon krympa med ni prosent frå 2001 til 2010.
– Forbruket har endra seg. Vi et mindre av storfe og sau, dyr som kan nyttiggjere seg gras og beitemark som Noreg har mest av.
– 70 prosent av kjøtforbruket vårt er no kylling og svin, dyr som er avhengige av kraftfôr. Norsk kornproduksjon strekk ikkje til.
– Importen av råvarer til kraftfôr aukar stadig og utgjer no nærare 50 prosent av forbruket.

I sum: Dagens utvikling fører oss stadig lenger vekk frå måla i landbruksmeldinga. Dette handlar ikkje minst om korn. Ambisjonane i meldinga er særs vanskelege å oppfylle dersom Noreg ikkje aukar kornproduksjonen sin monaleg.

Stordriftsulemper
– Det er veldig fine ambisjonar i meldinga, men det vil krevje skikkelege tiltak om ein skal oppnå dei måla, seier Hans Stabbetorp. Han er tidlegare forskingsleiar ved Bioforsk og ein av dei fremste ekspertane på kornproduksjon i Noreg.

– Kornavlingane i Noreg er no på veg ned. Det skal bli spennande å sjå kva tiltak styresmaktene vil setje inn for å snu utviklinga.

Det er ikkje berre kornarealet i Noreg som krympar. Produktiviteten per mål har òg gått litt ned dei siste åra. Stabbetorp har tidlegare peika på at dei stadig større bruka kan vere ei medverkande årsak til nedgangen. Utviklinga mot større einingar treng ikkje vere bra for produktiviteten – i landbruket finst det stordrifts­ulemper òg.

– Om ein bonde dyrkar korn på til dømes 2000 mål, er det vanskeleg å skjøtte jorda optimalt. Det blir mykje transport, og det er vanskeleg å vere på rett stad til rett tid. Og Noreg har ein kort sesong og ei hektisk våronn. Det er vanskeleg å effektivisere særleg meir.

Det er til dels politiske forklaringar på denne utviklinga, på­­peikar Stabbetorp.

– Arealtilskotet som vart innført i 1992, og dei relativt låge kornprisane, har gjort det meir lønsamt å satse på store areal i staden for å få mest mogleg ut av kvart mål.

Treng nydyrking
Stabbetorp er skeptisk til måten styresmaktene i dag reknar ut sjølvforsyningsgraden for ulike matvarer. I landbruksmeldinga heiter det til dømes at «selvforsyningsgraden er nær 100 prosent for viktige jordbruksprodukter som kjøtt, egg og melk» sjølv om kraftfôrimporten utgjer ein vesentleg del av grunnlaget for produksjonen.

– Det er ein litt dum omgrepsbruk, det der. Vi er sjølvsagt av­­hengige av ein del import. Men uansett må vi auke vår eigen kornproduksjon om vi skal oppfylle måla i landbruksmeldinga. Og eg ser ikkje for meg at det skal vere mogleg utan omfattande nydyrking. Det er framleis ein god del ein kan dyrke opp til kornproduksjon, særleg på Austlandet. Men det kostar pengar, og den beste jorda er jo teken for lengst.

– For låge mål
Sjølv om måla for produksjonsauken i landbruksmeldinga verkar mildt sagt vanskelege å nå, er dei likevel ikkje ambisiøse nok, meiner Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Eg meiner måla i meldinga er naudsynte, men dei er ikkje tilstrekkelege, seier Merete Furuberg, som er leiar i laget.

– Det må verkeleg kraftige tiltak til, slik situasjonen er i verda i dag, med befolkningsauke, klimaendringar og redusert produksjonspotensial mange stader i verda. I Noreg går arealet med dyrka mark attende, og vi blir truleg ein million fleire innbyggjarar dei neste tjue åra. Vi må produsere mykje meir mat enn i dag.

Furuberg er svært kritisk til måten sjølvforsyningsgraden blir rekna ut på av departementet.

– Den verkelege sjølvforsyningsgraden for landbruksvarer no er under 40 prosent, ikkje 50 prosent.

Den norske fôrimporten har òg betydelege konsekvensar i andre land, påpeikar Furuberg. Ho viser til utrekningar som Småbrukarlaget sjølv har laga, som tyder på at produksjon av råstoff til norsk kraftfôr legg beslag på kring 2,5 millionar mål i andre land.

Held dagens utvikling fram til 2030, blir det norske kornarealet på 2,5 millionar mål, medan areal­behovet for norsk fôr i utlandet vil vere nærare 4 millionar mål, anslår Småbrukarlaget.

Mat og forsvar
– Kva skal til for å nå målet om 20 prosent produksjonsvekst innan 2030?
– Vi må ha ei grunnleggjande endring av landbrukspolitikken. Meldinga legg i realiteten opp til stø kurs, men da held vi berre fram med å auke importen. Vi treng ein opptrappingsplan, det må satsast på nydyrking, og vi må slutte å byggje ned verdifulle jordbruksareal. Men den viktigaste årsaka til tapet av jordbruksareal er nedlegging av gardsbruk, og den utviklinga må stoggast, seier Furuberg.

Ho er klar på at den kursendringa ho etterlyser, ikkje blir billeg.

– Om vi skal auke arealet for matproduksjon i tråd med det målet som er sett, krev det investeringar som kan samanliknast med prisen for nye kampfly. Matproduksjon er òg forsvar.

– Finst det slik vilje til å be­­tale for matproduksjonen? Det er meir behageleg for Noreg å importere seg ut av problemet?
– Pengar er ikkje noko verde i seg sjølve, ein kan ikkje ete dei. Når Stortinget skal handsame landbruksmeldinga, må dei ta ansvar og fatte konkrete vedtak på vegner av folket sitt. Det er på tide å vakne, seier Furuberg.

– Vi skal få meir korn frå den jorda vi har
Norske kornbønder må utnytte betre den jorda som finst i Noreg, meiner landbruksminister Lars Peder Brekk.

–Landbruksmeldinga vi har lagt fram, har nokre av dei mest ambisiøse måla nokon gong i norsk landbrukspolitikk, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp).

– Å auke produksjonen med 20 prosent for å møte ei veksande befolkning, og halde oppe sjølvforsyningsgraden, er ambisiøst. Og så langt det er mogleg, skal vi gjere det ved å bruke norske ressursar.

– Men korleis går ambisjonane i hop med det krympande kornarealet i Noreg?
– Det er rett at kornarealet har gått noko ned dei siste åra. Det har dels med teknologi å gjere: Dei nye, større maskinene utnyttar ikkje marginale areal like godt som dei eldre. Men vi må utnytte optimalt det arealet vi har. Produktiviteten i norsk kornproduksjon har sakka akterut, samanlikna med land som Sverige og Finland.

Kan auke avlinga
Det er eit betydeleg potensial for å auke produktiviteten i norsk korndyrking, meiner Brekk.

– Vi kan grøfte meir og stelle jorda betre og utvikle nye kornsortar som toler klimaet betre. Det blir òg dyrka opp ny jord i dag, og det skal dyrkast opp meir i framtida. Det er ein del dyrkbart areal att i Noreg, særleg på Austlandet. Men klimaet vårt er jo ei avgrensing for kor ein kan dyrke korn.

– Kan Noreg nå måla i landbruksmeldinga utan ei monaleg utviding av kornarealet?
– Det er i alle fall mogleg å auke produksjonen ein god del på dagens areal. Eg har ikkje sagt at vi skal dyrke opp så og så mange mål i året, men eg har sagt at vi skal dyrke opp ny jord, seier Brekk.

Usikker betalingsvilje
– Om vi må ha eit meir arbeidsintensivt landbruk for å utnytte jorda betre, vil det koste meir. Finst det betalingsvilje for det i folket og i det politiske systemet?
– Det er eit godt spørsmål, og ein kan diskutere kor stor betalingsviljen er. Eg håpar jo at det er høg betalingsvilje for å halde oppe norsk matproduksjon, også av omsyn til å halde oppe kulturlandskapet og arbeidsplassar i Noreg. Men dei som meiner at vi bør produsere nesten alt i Noreg, føreset nok ein høgare betalingsvilje enn det er grunnlag for.

Naudsynt import
Ein omfattande import av kraftfôr til Noreg er neppe til å unngå, meiner landbruks­ministeren.

– I dag har vi import av kraftfôr, og vi kjem til å ha det også framover. Men det er betre å importere kraftfôr og produsere kylling og gris i Noreg enn å importere kylling og kotelettar. Det siste skaper ikkje arbeidsplassar i Noreg.

– Er den sjølvforsyningsgraden som departementet opererer med, for til dømes egg og fjørfe, realistisk når produksjonen er heilt avhengig av kraftfôrimport?
– Det blir ein teoretisk diskusjon om denne reknemåten er rett, eller om prosenten burde vere lågare fordi vi importerer fôr. Men det er uansett ein realitet at vi må importere korn. Kor mykje vi importerer, avheng av den norske kornproduksjonen er frå år til år.

– Med same logikk kunne ein hevde at Noreg kan vere heilt sjølvforsynt med sjokolade, sjølv om vi må importere kakao og sukker?
– Vi reknar sjølvforsyningsprosenten på produktnivået, ikkje på fôret. Men den diskusjonen er ganske uinteressant. Poenget er at vi i dag er avheng­ige av kornimport til fôr.

– Er eit landbruk som er så avhengig av kraftfôr, ein god måte å utnytte jorda i Noreg på, når så mykje av jorda berre er eigna til gras og beite?
– Det avgjerande for produksjonen er kva folk kjøper i butikken. Folk et no meir kvitt kjøt, difor treng vi meir kraftfôr. Eg meiner vi har ei god utnytting av ressursgrunnlaget i dag. Vi dyrkar korn der det er mogleg, og gras i resten av landet, seier Lars Peder Brekk.

LES SAKA I DAG OG TID!

Et vi for mykje kvitt kjøt? Diskutèr gjerne i kommentarfeltet under!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

ANNONSE