Helsesista vinn pris som sosiale medium-personlegdom

Tale Maria «Helsesista» Krohn Engvik vann hovudprisen på Social Media Days 2018 i Oslo.

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tale Maria «Helsesista» Krohn Engvik, eller «heile Noregs helsesyster» i sosiale medium, vann prisen for Årets sosiale medium-personlegdom på «Social Media Days 2018» i Oslo.

– Det er kjempehardt arbeid, men ekte engasjement og det å tore å by på seg sjølv tenkjer jeg er viktig.  Også må du tora å vere annleis, seier ho til Kampanje.

Ho legg vekt på at ho har gjort heile jobben med å byggje opp varemerket sitt heilt sjølv, og set stor pris på merksemda frå bransjen.

Engvik har omlag 40 000 lesarar kvar einaste dag på Snapchat, og gjev sin “sissquad”, følgjarane sine der, æra for prisen ho vann.

Ho er kjend for å ta opp dei vanskelege temaa ungdom lurar mest på.