Tida for brente vaflar og firkanta auge


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Me fekk firkanta auge av å sjå på for mykje på TV, ungane kom med storken og dersom du laga grimasar kunne du bli slik. Alle venene mine hadde jo høyrd det same frå foreldra sine, så då måtte det vera sant.

Før jul var det alltid fred i heimen, for me visste alle at julenissen kom berre på besøk til snille born. I ein heil månad krangla eg ikkje med litlesystera mi (berre av og til når det var heilt naudsynt), eg åt ikkje non-stop av peparkakehuset (berre på baksida, for der kunne jo ingen sjå pynten uansett) og rydda rommet mitt når foreldra mine spurde meg om det (det som er under senga kan ein ikkje sjå, og difor tel det ikkje). Timane var så uendeleg lange på julaftan der eg gjekk og trippa framføre stovedøra og venta på nissen som aldri ville kome, og då eg sat på fanget til nissen var heile verda perfekt fordi bekymringa mi over at nissen hadde funne ut at eg hadde vore slem og kikka på gåvene i skapet var vekke.

Eg åt nesten aldri snø, sjølv om han såg så herleg og mjuk og kvit og fin ut. Der me gjekk rundt med akebrett, raude nasar og fem lag med klede som mødrene våre hadde pakka på oss var det ingenting me heller villa ha enn litt snø som smelta på tunga. Likevel gjorde me det aldri, i alle fall nesten aldri. Ein og annan gong berre måtte me berre ete litt, men då passa me på å ta den snøen som låg i utkanten av alle spora utan svarte flekkar. Me hadde jo høyrd om alle borna som hadde fått makk i magen.

Leikar ein for nært vatnet vil nøkken ta deg. Og var det ikkje ein nøkk, var det garantert ein sjøorm, eller eit havmonster eller noko ennå verre. Berre dei tøffaste gutane hadde mot nok til å gå heilt ned til tjernet i skogen, og fortalde gjerne om auga dei hadde sett langt nede i djupet. Eg var aldri så tøff og haldt med trygt inne på tørt gras, livredd for auga i vatnet.

Eg hadde ein kanin då eg var liten, tre gullfiskar og to undulatar. Det same skjedde med dei alle saman: Plutseleg ein dag var dei vekke. Eg spurde mamma kvar dei var, og fekk svaret at dei var flytta til ein bondegard. Det måtte vera ein fin bondegard tenkte eg nøgd, og undra meg over kven sin undulat mamma og pappa snakka om som var hogga til blods av undulatkameraten sin.

Ein gong fekk me servert ein haug av brente vaflar på bordet, og eg nektar ikkje for at det kanskje kan ha vore fordi eg hadde ein finger med i spelet. Då blei me fortald at brente vaflar hjelpte for songstemma. Kan du tru dei blei ete opp raskt. Tenk at noko så godt skulle gi meg songstemma eg hadde ynskja meg heilt sidan den dagen ei jente på barneskulen hadde fortald meg at det høyrdes ut som eg snakka når eg song. Då eg sprang inn på badet etterpå for å teste stemma kunne eg med mine eigne øyre høyre at stemma mi var betrakteleg betre.

Korkje eg eller venene mine åt frøa inni druene og heiv skrotten lenge før me kom til eplekjerna. Me hadde høyrd at dersom me åt frøa ville det veksa opp ei heil plante inne i magane våre, og det ville me jo ikkje! Epletreet ute i hagen vår var jo så alt for stort for den vesle magen min. Å, som eg syntest synd på alle borna som gjekk rundt med tre inne i magen.

Eg har alltid vore glad i å symje, men så er det litt skummelt på same tid. Vatnet er jo så blaut og djupt. Difor var det alltid greitt å ha visse reglar som hjelpte oss til å vera ekstra forsiktige. Me symde aldri rett etter me hadde ete, for det var jo heilt logisk at det var enklare å drukne då. I tilegg hadde me høyrd at me ikkje måtte symje på tom mage. Det var med andre ord ikkje sjeldan eg og venene mine satt og diskuterte oss fram til den magiske tida mellom svolten og mett der ein kunne symje utan å bryte nokon regel.

Det var tider det; då me trudde håret vaks rakare om me klipte det, me fekk pengar av tannfeen, månen var laga av ost og me blei ikkje mette dersom me åt med lua på. Foreldra våre hadde svar på alt, og var dei smartaste personane me visste om. Det var ikkje eit einaste problem i verda dei ikkje kunne fikse, for uansett kva dei sa trudde eg på det. Det var nok det som var det beste med å vera liten – at det er så lett å ha trua. Og då eg blei spurd som fire år gammal jente om eg trudde på Gud så svara eg alltid: ”Ja, men eg trur nå på julenissen òg eg.”