Julegåver


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Hadde ein endå hatt bruk for dei gåvene ein får av andre, så kunne det kanskje vorte ein økonomisk balanse i det. Men nei. Ein gjev ifrå seg ein masse dyre, fornuftige greier som ein verkeleg har lagd sjela si ned i, som ein veit vil falle i smak og vise seg nyttig for mottakaren, og får attende ein masse bambus ein aldri ville vurdert å kjøpe for sine eigne pengar, men som ein likevel må takke for og vise begeistring over.

Men no er det slutt. Det er rett nok for seint for i år, men viss eg lever til neste år har eg planen klar: Her blir det nedskjeringar. Folk skal verkeleg få føle at heretter er det tanken som tel. Det mest illustrative er sjølvsagt å finne ei tomeske, stikke hovudet sitt ned i henne og deretter dra det til seg att, lukke eska, pakke henne inn i avispapir eller anna papir som framfor alt ikkje må vera kostbart gåvepapir, leggje henne under treet til mottakaren og vera i nærleiken når han eller ho opnar eska på julaftan: “Versågod,” seier ein då, “i denne eska har du tanken min; det er han som tel.”

Alternativt finst ein reinhekla svindelvariant, inspirert av min favorittkarakter i serien Seinfeld, George Costanza. Han gav bort dyre fotballkampbillettar til ein ven av seg, men i staden for å få ei ordinær julegåve attende, fekk han, som fleire og fleire får i dag, høyre at ein donasjon var gjort i hans namn til eit eller anna veldedig føremål. Tilsynelatande hyggeleg, men George tykte ikkje det var rettferdig at han hadde gjeve ei høgst påtakeleg gåve bort, og attende berre fekk meldinga om at hans gåve var gjeve til andre.

Som han i raseri formulerer det: “Where’s your Christmas spirit? An eye for an eye!” Som ei hemn mot alle han kjenner byrjar også han gjera donasjonar i folks namn i staden for å gje dei tradisjonelle julegåver, med den skiladen at det føremålet George donerer til, “The Human Fund”, overhovudet ikkje eksisterer, det er oppdikta av George sjølv. Så der har vi eit triks for dei aller gjerrigaste, dikt opp eit veldedig føretak som høyrest ekte ut, men som i røynda er identisk med deg sjølv, og gje folk i julegåve ein donasjon til – ja, nettopp, deg sjølv.

Faren med dette er naturlegvis at det kan bli pinleg om det blir oppdaga. Det finst heldigvis andre, ærlegare utvegar òg. Mellom anna har eg i lengre tid lånt nokre filmar av syster mi. Dei tenkjer eg det kan vera passeleg å gje henne attende om eitt år, innpakka, liggjande under treet på julaftan. Ja, for ho kan vel ikkje ynskje seg noko nytt før ho har fått attende det som rettmessig er hennar?

Mor mi ynskjer seg alltid bøker til jul. Bøker er dyre i stort sett alle butikkar, men kvar finst dei gratis? Jo, på biblioteket. Alle vil vel støtte dette velferdstilbodet tufta på gamaldags dugnadsånd? Det er knapt grenser for kor mange bøker mor kan få til jul, med den vesle haka at ho helst må levere dei attende i laupet av januar. Eventuelle purregebyr kan nesten ikkje den som var så venleg å gje henne gåva, vera nøydd til å stå ansvarleg for.

Sist, men ikkje minst vil eg nemne den årvisse løysinga til bror min, ein person eg openbert har meir enn utsjånaden til felles med. Han er ein ekspert på å sno seg unna julegåvehandlinga med minst mogleg innsats. Han gjev for det meste brukte ting, som han anten har liggjande frå før eller betaler heilt minimale summar for. Men den miljøvenlege gjenbrukstanken går lengre enn som så: I forfjor gav han meg ei CD-plate som etter alt å døme hadde fylgd gratis med eit eller anna blad. Den store lyttaropplevinga var det ikkje, og gjennom året som fylgde låg denne CD-en for det meste og samla støv i ei skuffe.

Bror min noterte seg at eg ikkje brukte gåva han hadde gjeve meg i vesentleg grad, så jula etter pakka han CD-en inn på nytt, for denne gongen å gje han til den felles syster vår. Hennar reaksjon var ikkje meir entusiastisk enn min hadde vore, og det siste året har CD-en likeins lege og samla støv i ei skuffe. Heilt til endå ein julaftan kom, no for nokre dagar sidan, og CD-en var pakka inn for tridje gong. No til mor! Vi har ei syster til, ein far, diverse tanter, onklar og besteforeldre, så det skal bli spanande å sjå kor mange år han kan halde dette makkverket i sirkulasjon, frå eit års juletre til det neste. Det er bra at det er tanken som tel!