Feil type flink


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg trur mennesket som art har eit heilt enormt konkurranseinstinkt. Me har alltid visst at nøkkelen til evolusjon er kunnskap og innsikt. Difor har me heile tida streba etter å vite mest mogleg om alt det er mogleg å vite noko om. Me må alltid ha svar. Me må alltid vere best. Er det noko me hatar så er det å famle i blinde og å leve i usikkerheit. Kvifor trur du religion blei oppretta? Kvifor trur du me blir deprimerte når me startar å stille dei eksistensielle spørsmåla? Kvifor forskar me meir og meir på gen når me veit at dette fører til at me vil bli stilt overfor særs problematiske etiske problemstillingar?

I starten handla det kanskje om å vere betre enn andre artar på jorda. I dag er me så suverene at me startar å konkurrere oss menneske i mellom. Kappløpet til månen mellom Russland og USA var noko heile verda kunne vere vitne til. Og for å ta eit anna eksempel: Kven veit namnet til den personen Neil Armstrong reiste saman med og som tok sine første skritt på månen like etter Armstrong? Ingen bryr seg om dei som er nest best. Dette viser også igjen i skulen.

Heile skulesystemet byggjer på å vere flink. Og ikkje berre flink, men flink til det skulen ynskjer at ein skal vere flink i – altså skuleflink. Skuleflink er du dersom du kan Fader vår utanåt, viss du kan dei latinske orda for ulike gassortar eller veit kva samanhengar du skal bruke ulike matematiske formlar i. Me har til og med ein karakterskala, slik at ein til ei kvar tid kan bli vurdert etter kor skuleflink ein faktisk er. Er du ikkje skuleflink er det ikkje eingong sikkert du får lov til å gå ut av skulen med eit vitnemål.

Forstå meg rett. Eg synest det norske skulesystemet er bra. Etter eitt år i USA med avkryssingsprøvar, enormt låge krav og ein sportsinteresse som overgår alle andre aspekt ved skulelivet kan eg ikkje seie noko anna. Likevel føler eg at skulen i Noreg nokre gonger blir litt for flink. Ein blir litt vel fokusert på å skape den beste kunnskapsdyktige eleven. Ein blir litt vel fokuserte på å skape ein elev som er flink på den måten skulen ynskjer at ein er flink på.

På vidaregåande skule skriv ein nesten ikkje skjønnlitterære tekstar lenger. Ein meiner ungdommen ikkje har nok kunnskap til å skape gode noveller. I kor stor grad kan ein bli skulert i å ha god fantasi og i å ha ei glede av å vidareformidle? Når ein har innleveringar i historie skal ein ikkje ta med eigne meiningar. For korleis kan ein så uerfaren person gjere seg opp meiningar om slike viktige historiske hendingar?

Eg har ikkje tru på at det nyttar å gi ungdommane færre arbeidsoppgåver eller at ein skal senke intensitetsnivået i norsk skule. Derimot har eg tru på at skulane må starta å ha eit nytt fokus. Kunnskap har me ein overflod av i dag. Ein kan finne kva som helst dersom ein søkjer på Google, tek seg ein tur på biblioteket eller tek kontakt med ein forskingslab. Det ein treng i dag er elevar som er kreative, har skaparvilje, klarer å tenkje sjølv og er villige til å ytre eigne meiningar.

Dei bør skrive noveller fordi dei har like gode føresetnadar for å formidle ei historie som grip lesaren som ein 50 år gammal forfattar. Dei bør få lov til å ha meiningar om historiske hendingar fordi dei skal vite at dei har ein rett til å meine det dei ynskjer, til tross for kva ein historievitar seier om saka.

Elevtinget som blir haldt i Bergen denne veka er eit eksempel på dette. Alle elevrådsleiarane på elevorganisasjonen sine medlemsskular er inviterte til eit fem dagar langt seminar for å diskutere norsk skulepolitikk. Under vedtektsendringane som kom opp på måndagen sat eg i salen og var vitne til at over 110 elevar teikna seg til innlegg av dei 485 påmelde gjestene. Kom denne entusiasmen av lang erfaring eller av ein doktorgrad på CV’en? Nei, han kom av ynskje til å skape forandring. Han kom av viljen til å engasjere seg. Og han kom av trua på at meiningane deira ville bli lytta til. Det er nettopp slike elevar eg trur vil vere verdifulle for Noreg i framtida.