Er hemna så søt?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då amerikanske spesialstyrkar forleden dag myrda Osama bin Laden, og ein såg i fjernsynet menneske stå å juble for det han var daud, vekte det likevel i meg eit visst engasjement. Ja, ein kan faktisk vera ein ganske umoralsk jævel, som meg, ikkje tru på noko spesielt korkje av gudar eller doktrinar, le av det meste, og likevel, synest eg sjølv, ha den viktigaste verdien trygt på plass. Det er ein verdi vi alle deler, men som likevel er under hard skyts, bokstaveleg tala, nemleg livet i seg sjølv. Slik eg ser det fell alt snakk om menneskerettar og menneskeverd, verdiar og moral, beint igjennom når ein ikkje har større vyrdnad for sjølve berebjelken i samfunnet vårt, nettopp det menneskelege livet, enn at ein med vitande og vilje tek akkurat dette ifrå eit menneske.

Det er vel ikkje akkurat nokon ny tanke, det her, og mange er nok dei som vil hevde å dele synspunktet, men like fullt høyrer eg folk eg kjenner, som eg ser på som fornuftige menneske, kommentere akkurat bin Ladens sak heller unnvikande: Dei er sjølvsagt heilt imot dødsstraff, men når det gjeld akkurat Osama bin Laden, verdas mest kjende terrorist, må ein vel kunne seia at det var greitt å bli kvitt han. Frå dei og andre har eg likevel til gode å høyre eit rasjonelt haldbart argument for at det skulle vera riktig å myrde denne forferdelege bin Laden.

Har verda vorte tryggare utan han? Vil det bli færre terroråtak av at akkurat han er borte, når hans mange disiplar no er endå litt sintare? Slik kan ein dåre spørja, heilt til han blir avvæpna av eit uunngåeleg og hjarteskjerande motargument: Kva med alle dei uskuldige som bin Laden drap, var dei liksom mindre verd enn han, skal han få leva når dei måtte døy? Men her kan heldigvis kynikaren i meg trø til med litt vitskap: Dei daude lèt seg ikkje vekkje, det har ingenting å seia for dei om mordaren deira lever eller døyr. Så framt dei etterlatne er på det reine med dette, bør det vel heller ikkje ha noko å seia for dei? Med mindre, naturlegvis, det då er noko anna som stikk under her, eit omgrep vi i våre siviliserte såkalla rettssamfunn vegrar oss for å ta på tunga: Eg talar naturlegvis om hemn.

Det er nemleg ingenting som tyder på at bruken av daudsstraff – og eg ser ingen skilnad mellom drapet på bin Laden og andre avrettingar – har preventiv verknad eller løyser samfunnsproblem av noko slag. Grunnlaget for denne praksisen må tvert imot seiast å vera nettopp hemna, den eldgamle, primitive ideen om eit auga for eit auga og ei tann for ei tann, noko ein i og for seg kunne forstått om det var sønderknuste etterlatne som i vilt, men høgst menneskeleg raseri hemna sine kjære.

Men det er ikkje enkeltmenneske som effektuerer dødsstraffa slik vi kjenner henne, det er staten, og det er det som er det uakseptable: For skal ikkje staten, som ikkje i seg sjølv har noko samvit, ha som sitt berande element rasjonaliteten, lover og prinsipp, ikkje instinkt og kjensler? Når det blir eit statleg ansvar å drepe, då har staten vraka denne rasjonaliteten og gjeve etter for menneskelege kjensler, for sinne og hemnlyst, og for den mest destruktive handlinga desse driftene kan avføde, nettopp drap.

Serleg merkeleg er det sjølvsagt at det som liksom skal vera “one nation under God”, ein statsinstitusjon med Bibelen i handa, openbert er fullstendig blind for Jesu velkjende ord til dei som ville steine kvinna teken i utroskap: “La den av dykk som er syndelaus kaste fyrste steinen på henne.” Ein treng ikkje vera religiøs overhovudet, men berre ha ein minimal porsjon folkeleg skamvett, for å kunne slutte seg til denne læresetninga.

Det er rett og slett ingen av oss som har den suverene rettferdskjensla og dømekrafta som trengst for å rå over noko så stort som liv og daud. Vi får overlata det til Gud, og viss ikkje han finst berre innsjå at nokon endeleg dom aldri kjem. For ingen er i posisjon til med rette å kunne avseia ein slik dom, minst av alle den samvitslause staten. Gjer staten likevel det, så har han bukka under for hemnlysta, for den impulsstyrte valden rettssamfunnet er meint å verne oss mot. Hemnaksjonen mot Osama bin Laden, same kven han var og kva han var, føydde endå eit namn til den allereie uoverskodeleg lange lista over barbariets for alltid forstumma offer.