Elva


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Noko fulltidsengasjement skulle ein kanskje ikkje tru at deltakinga på laget er, sidan vi alle møtest berre éin gong i veka. Men den eine kvelden er til vederlag blodig alvor, og krev at ein nyttar heile den føregåande veka på førebuingar. Måndag kveld er nemleg den store kvisskvelden, på ein veldig idyllisk liten bokkafé med utsyn mot Nidelva.

Laget eg under tvil har fått innpass på er merittert og ærverdig og har vore med på denne tradisjonsrike allmennkvissen i ei ævelengd. Eg har fått tittelen skårunge, noko som sjølvsagt er det lægste, lægre enn medlem, og langt lægre enn assisterande assisterande kaptein, assisterande kaptein og kaptein, det sistnemnde rimelegvis sjølve den føydale pyradimens apex.

Kapteinen er for tida busett på New Zealand, men han fylgjer utviklinga i laget med argusaugo, og var i den villaste harnisk då den eine som har tittelen medlem, og som på grunn av den sirlege handskrifta si i kapteinens fråver får føre svararket, plutseleg fann det for godt å utnemne seg sjølv til «sekretær». Det finst ingen slik tittel i hierarkiet, informerte kapteinen per e-post frå andre sida av jordkloten, og nåde han som måtte prøve å undergrava kapteinens autoritet ved på eiga hand å utvide gradsapparatet.

Prosedyren er, på alle punkt, ganske enkelt glasklår: Det faste bordet er det ved døra ut til røykebalkongen med utsyn mot elva. Dette av den opplagde orsaka at den som måtte koma til å svara feil på eit spørsmål han burde visst svaret på, eller å vita noko han absolutt ikkje burde visst, omgåande har å ta steget ut på balkongen og hoppe i nemnde elv. Berre den strengaste kadaverdisiplin tener lagets felles framtid; ikkje til å undrast på at vi av og til slit med oppmøtet.

På stolen inst, attmed bokhylla, sit kapteinen, eller no altså den assisterande kapteinen. På stolen tvers ovanfor han den assisterande assisterande kapteinen. Til venstre for den assisterande kapteinen medlemen. Til høgre for den asssisterande assisterande kapteinen skårunge nummer éin, som er meg. Til høgre for meg igjen den andre skårungen, langt eldre enn meg, men like fullt med endå kortare fartstid på laget.

Assisterande kaptein skriv lagnamnet på arket der svara skal fyllast inn. Svara er det derimot altså medlemen som skriv, men etter kvar av dei to omgangane, båe forma av femten spørsmål, skal svararket passerast til assisterande kaptein for gjennomlesing før vi sender det ifrå oss. Alt så klart med andakt.

Også for sjølve det faglege er sedvanane innarbeidde og ufråvikelege. Ein skulle kanskje tru at det i ein kviss handlar om å vita mest mogleg, for å score mest mogleg poeng. Det stemmer til ein viss grad; laget gjer det jamt over bra. Men det er likevel slik at visse kunnskapar har høgare status enn andre: Skårunge nummer to veit til dømes skremmande mykje om fjernsynsfjes og moderne popmusikarar, det som i Trivial Pursuit er den rosa kategorien, den såkalla glamuren.

Han skal snart i elva, for det er rett og slett skandaløst å ha peiling på slike ting. I naudsfall hender det vi trassar prinsippa og nyttar kjetteriet hans til å ta poeng trass alt, men fast svar på rosa spørsmål er eigentleg “Morgan Kane” eller “Balladen om Morgan Kane”, litt avhengig av oppgåveformuleringa.

Minst like ille er dei altfor mange spørsmåla om kongehuset, som alltid avføder eit utrop frå assisterande kaptein: «Finst det eit alternativt spørsmål for republikanarar?» Men det gjer det aldri, og på den slags freger, typisk om den andre sonen til Märtha og Ari eller den fjerde dottera til Håkon og Mette-Marit, svarar vi stort sett «Arne Gunnar».

Parallelt kjem ein av mange faste flosklar frå fotballsporten, Nils Arne Eggens ord etter at Rosenborg ein gong tapa, for eit Molde som Eggen var lite imponert over; han meinte dei hadde flaks: «Sånne mål score vi itj i Rosenborg.» Det er ikkje alltid vi vinn på poeng, men den moralske sigeren tek vi stort sett kvar gong. Sjå likevel etter meg i Nidelva no snart, for sist måndag presterte eg å ikkje vita det latinske namnet på den afrikanske honningsporven.