Bondestudentar – Ruter


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I utgangspunktet var eg svært skeptisk. Det var noko usofistikert over rutaskjorta, tykte eg, ho minte meg om innfeite lydteknikarar og attgløymde grungerockarar. Ikkje det minste om Savile Row og Hercule Poirot. Dette såg eg som ein dealbreaker.

Eg tykte ikkje eg hadde bruk for det heller, det er mykje å få i einsfarga og striper – ein kan spekulere i knappar og snippar og fine stoff. Sløyfer og vestar, jakker – til slutt er det mest så ein gløymer at ein har skjorte i det heile. Behovet for ruter synest såleis å vera lik null.

Men så var det ein gong i Stavanger at det var ei blå og grå bzr-skjorte på tilbod.

Og så var det den svarte og kvite i Trondheim som ho eg elskar overtydde meg om å kjøpe sjølv om eg ikkje likte ho fyrst. Eg brukte mest ikkje anna den sommaren.

Og så var det den eg fekk frå syster mi, den eg eigentleg tykte var altfor dyr til at ho skulle kjøpe ho til meg.

Og så var det den raude og kvite da.

Heilt sidan eg såg ein Philosophy Blues Original-reklame for nokre år sidan, er det ein skjortetype som har vore unnteke skepsisen min for rutaskjorter; dei raude og kvite. Eg veit ikkje kva det er med dei, men frå augeblinken eg såg den velforma dansken på reklamen med ei dressjakke laust slengt utanpå, visste eg at eg skulle ha meg ei slik skjorte ein gong. Og då eg fann ei på den raraste, vesle vintagesjappa på den ungarske landsbygdi, laut eg prøve ho.

Det var ei stund eg hadde gledd meg til og frykta i fleire år, eg opna augo til spegelen og konstaterte; Eg ser ut som ei kokebok. Eg ser ut som ein hybrid av duken på ein billig, italiensk restaurant og Ingrid Espelid si rutete kokebok. Men det vart til at eg kjøpte ho.

Sidan brukte eg mest ikkje anna den sommaren. Ho gjekk til alt. Ho gjekk utanpå broki og innanpå, med jakke eller utan, med sløyfe og vest eller open i halsen. Eg skjønte no at eg var seld.

Det balla på seg. Det vart ei blå og kvit ei. Og ei ny raud og kvit, med store, rare ruter. Det spreidde seg til vestane og sløyfene. Til og med sokkane. Per i dag er eg ruta nok til å få min eigen skotske klan.

Men det gjer ikkje noko. For eg har funne at eg tek meg godt ut i ruter. Eg veit ikkje kvifor, det er noko eg har oppdaga nyleg.