Du er heime i Noreg og tek bilete i eit bryllaup du ikkje kjenner nokon i. I vår single-bedroom-flat har eg sett opp gjestesengi i stova, orkar ikkje å liggje på soverommet og lye til min eigen pust. Likevel fær eg ikkje sova før den åttande sitcomepisoda har svevd meg heilt ned i den stive madrassa, under prikkedyna. Det er alltid lyd utanfor her, alltid nokon som tek ut pengar eller stel aviser frå fortauet.
Vaknar tidleg i dag, har ambisjonar. Et lang frukost åleine, planlegg dagen. Går ned i Lewisham, ser rundt alle charitysjappene etter ei treningsbukse, endar opp med ei dyrare frå TxMaxx.
Eg blandar ferskpressa sitronjuice og farris og går til parken for å springe. Sjølv om det er fyrste oktober er det tjuesju grader i skuggen og kvass sol. Folk ser på meg, dei spring ikkje like mykje her som i Oslo. Dessutan må det vera galskap å springe i denne heten.
Ein gut ligg oppå kjærasten sin i ei obskøn stilling. Alt eg ser er bakenden hans som spirer mot den brennande soli. Under han anar eg to par føter med flate tysko og tights.
I eit tre sit ei jente åleine med headset og skriveblokk. Ho ser einsam ut og skriv ikkje, iallfall ikkje den stutte tidi eg kan sjå før eg passerer.
Eit ekorn er hare for meg eit par meter, men skjer ut frå stien i flukt.
Ei blond jente smiler frå fanget til guten sin, dei har gøymt seg vekk på stien under lønnetrei og fylgjer meg med augo til eg er vel forbi.
Eg kviler på ein stubbe og skriv på mobilen. Fleire stiar treffest her, eg veit ikkje kven eg skal ta. Heten blir verre – eg drikk – ser etter kor mykje som er att på flaska.
Andre runde rundt parken, og den obskøne guten har stige ned, sit attmed ho og ser seg kring. Eg ser fjeset hennar no, ho har brunt, halvlangt hår og blåe augo. Ei billig jakke over grøn marks & spencer-topp.
Jenta i treet har gått.
Eg spring og ser etter paret på benken. Langt framme kan eg sjå at ho har reist seg og han er på veg etter. Eg skjer ut av stien og inn på sjølve parkområdet. Dei svale skuggane frå trei forsvinn attom meg, soli brenner fjeset og armane. Blikki deira fylgjer stegi mine, dei ser ut som dei snakkar om meg. Eg spring fortare og kastar etter pusten.
Eg har bestemt meg for å ikkje stoppe før stubben. Eg spring og spring, hadde gløymt at det vart lengre til stubben andre runden. To gonger trur eg at eg er framme, men tek feil. Den importerte Imsdal-flaska mi er nesten tom. Til slutt ser eg han, man han ligg i soli, så det er uaktuelt å setja seg på han. Eg svingar inn under nokre syrinar og set meg til å skrive i ei grein.
Det er for varmt til å vera oktober, det er ingen tvil om det. I natt skal eg prøve å sova i sengi vår, prøve å ikkje føle at eg er på veg etter, men at eg ventar på at du skal koma heim.