Bondestudentar – Digitalisert


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Klokka er kvart over tolv laurdag den tjuesjuande november og eg har akkurat kome på at eg ikkje har sjekka om oppgåvene mine er rett innlevert på Fronter innan fristen; 26. november, kl. 23.59. Og der sit eg med arket i handi som stadfestar at oppgåva skulle vore brent på ein cd og levert på kontoret. I eit glimt fer framtidi gjennom hovudet mitt; karakteren eg ikkje får, tittelen eg ikkje oppnår, London-planen som ryk, draumane som brest. Eg riv meg i dei tjukke flettene og går fram og attende slik eg gjer når eg er stressa. Kva no.

«Kan du ikkje få denne panikken eit par dagar før fristen i staden?» spør ho eg elskar syrleg. «Så slepp me alt dette kavet». Eg hadde oppdaga at oppgåva var kopiert frå i fjor. Eit kjapt søk på nettet avslørte at i år skulle oppgåva ganske riktig leverast på Fronter. Eg gjekk inn i mappa, dei tre filene låg der som dei skulle, alt såg bra ut. Men om det verkeleg er som det skal, dét veit eg enno ikkje.

I eksamenstidi blir eg nostalgisk. Eg tenkjer attende på den gongen eg var ung student, 19 år gamal, og skulle levere mine fyrste eksamensoppgåver på universitetet. Det var hausten 2009, eg sat på datarommet og flikka på framsida, skreiv oppgåva ut i tre eksemplar og gjekk stolt inn på kontoret for å levere. Der fekk eg låne stiftemaskina, laga ein fin bunke av dei tre kopiane, tok ein binders og festa brennecdar med lyddøme på kvar og ein av dei. Kontordama såg over at alt var i orden, eg fekk signere på eit skjema og gå – i trygg visse om at eg hadde gjort det eg skulle. Då var resten opp til sensor.

Men no sit eg og skjelv, og det er ikkje kulden. Kva om det er feil filtype. Kva om eg lasta opp den gamle versjonen, den eg hadde skrive før eg fekk attendemelding. Kva om eg har levert i feil mappe. Herregud, det er så mange mapper på Fronter, kva var emnekoden for faget igjen? 2251? 2253? 1430?

Eg tek eit glas vatn og prøvar å roe meg. Det går bra, Jostein, du er ein dyktig student. Det har gått bra alle gonger før, det er ingen grunn til at det er noko gale no. Ingenting hjelper. Det er dét med oss stakkars sjølvhøgtidelege kunstnarar, me høyrer ikkje på fornuft. Går etter magekjensla, uansett. Så om magekjensla seier meg at noko er gale, så trur eg på det heilt til sensuren fell. Og sensuren skal falle.

Men fyrst skal eg levere eit par eksamenar til. Enno ei mappeoppgåve, eg har ikkje gjort nokon av oppgåvene til ho enno. Må snart til no. Prøve å skjønne kva faglæraren eigentleg vil fram til, kva dei snirklete formuleringane eigentleg tyder. Eg er for seint ute no til å få det forklart. Skulle tenkt på dette før. Skulle fått denne panikken nokre dagar, nokre veker før. Men no er det for seint.

Eg skulle kjøpt dei pensumbøkene eg likehendig hoppa over i august, berre fordi eg hadde ei som likna. Eg skulle gått på eit par av dei førelesingane, eller iallfall teke meg bryet med å dukke opp på eit par seminartimar! Men no er det for seint.

Eg skulle absolutt ha vore på skulen oftare, ikkje lege så lengje om morgonane. Eg skulle ha lese pensumbøkene mine. Eg kunne iallfall lese ferdig éi bok – er det for mykje å forlange? Eg sit ved pulten og langar ut mot august-meg, september-Jostein og han slasken som gjekk gjennom heile oktober utan å gjera det spøtt fornuftig. Det er framtidi di, din tosk! Det er ikkje noko du gamblar med! Du kan lesa – du hadde tid! Kva dreiv du med? Du greidde jo ikkje å trene regelmessig eingong, gjett kven som har ilt i ryggen no!

Sveitten har glidd over i ei dundrande hovudpine. Synsbiletet fer inn og ut, veksla med fargerike mønster over svart bakgrunn. Ho eg elskar er på badet, eg tuslar etter. I kveld får eg ikkje gjort meir uansett.