Sjukdom: våryr
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Dette kan du gjera:
Dersom ein mistenkjer at nokon i familien er ramma av våren, bør ein oppsøke lege snarast. Den ramma er som regel ikkje sjølv klar over at den har fått sjukdommen, difor bør ein vera på vakt. Dette er spesielt i perioden mars-mai, men det har funnest tilfelle av våryr i oktober. Ein bør difor alltid vera på vakt etter symptom hjå familie og vener.
Årsaker:
Det er vanskeleg å seie årsaka til våryrskap. Ein har dei siste åra drive iherdig forsking på dette, men framleis utan hell. Så langt veit ein berre at det kan koma av for mykje frisk luft og varme.
Symptom:
Det viktigaste, synlege teiknet på at våren er i anmarsj, er at det ikkje lengre er mogleg å unngå sola. Den vil helsa ein ”god morgon” når ein spring ut døra på veg til skule og arbeid. Og ikkje nok med det, den vil også venta på ein når ein kjem heim seint om kvelden etter ein slitsam dag.
Sola utløyser også mange andre faretrugande symptom på våren. Den ramma personen vil starta å innbilla seg at sterke fargar skrik i mot ein i vegkanten og at plenen er uvanleg høg og grøn. Personen vil også starta å høyra fuglekvitter heile dagen. Som ein yttarste konsekvens kan personen starta å kle av seg og klaga på løgnar, som til dømes ”varme”.
Den ramma vil bli unormalt opplagt. Ein vil ha mykje meir energi enn kva som er normalt og ikkje ta omsyn til dei andre friske menneska rundt seg. For å forklara litt nærare, skal eg visa til eit døme: På bussen på veg til Sauda Vidaregåande skule vil dei med våryr starta å snakka uomtenksamt høglydt, utan å ofra dei vanlege, sovande trøttingane ein einaste tanke.
Personen vil også starta å snakka usamanhengande, og klara å uttale seg liknande dette: ”huff, all denne pollenen”, ”Så fint ver det var i dag!” og ”Året har gått så fort”. Ikkje bli forundra om desse frasene blir repeterte fleire gonger dagleg.
Komplikasjonar:
Ved nokre tilfelle har ein sett at personen blir skremmande glad, utan å ha nokon grunn. Dette fører til at ein ikkje er i stand til å sjå på alle dei negative sidene ved livet og rett og slett blir ein lukkelegare person, sjølv om det kan høyras brutalt ut. Dette kan du sjå ved at ein smilar meir og kan få plutselege innfall der ein hoppar, spring eller hylar.
Har ein blitt kronisk våryr vil ein også prøve å oppsøke varme på alle tider av året. Dette fører til mange sydenturar og klaging på snø, regn og kulde.
Behandling/kva kan du gjera sjølv:
Ein kan ikkje få sagt det nok: dersom du mistenkjer at nokon er ramma, må du tilkalla lege så fort som mogleg. På denne måten får ein stilt ein diagnose. Pasienten vil då bli haldt på sjukehuset i nokre veker, før den kjem heim for å ligga i isolat til den mest utsette perioden av året er over.
Det finst nokre tiltak ein kan gjera sjølv for å få pasienten til å bli kvitt lidinga fortast mogleg. Først og fremst må ein dekka for alle vindauge og skru varmen radikalt ned. Ein kan også henta inn juletreet, peparkakene og starta å fyra i omnen. Spel julesongar så høgt at det overdøyver all muleg ungeskrik og fuglekvitter. Tar ein å tullar seg inn i ullteppe og ser ”Reisen til julestjernen” minst ein gong i veka, har ein kome langt på veg i å bli kvitt lidinga.
Førebygging:
Det er svært vanskeleg å førebygge våryrskap, sidan den er utruleg smittsam. Likevel må ein ikkje fortvile, det finnes nokre effektive førehandsreglar.
Først og fremst må ein slutte å opphalde seg ute, sidan det er her smitterisikoen er størst. I tilegg å opphalde seg på eit mørkt rom med teppe framføre vindauge er ideelt.
Må ein av ein eller annan uansvarleg grunn bevega seg utanfor huset sine fire veggar, bør ein kle på seg med bobledressar, vottar og hue. Ein må ikkje sjå i vegkanten eller opp på himmelen. Dersom ein får tak i øyreproppar for å stengje ute eventuell fuglekvitring og vårsnakk, er dette veldig effektivt.