SAMANBROT?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er ei kjend sak at den moderne teknologien eigentleg er ganske skøyr, så sånn sett var det inga overrasking, maskinen byrja trass alt bli gamal.

På den andre sida er utgifta til ny PC noko ein såkalla fattig student kan greie seg utan, og eg skulle gjerne sett at han overlevde i endå eit år eller to. Men nei, det var heilt slutt.

Denne vesle epistelen må eg låne PC-en til bror min for å få skrive, noko som i seg sjølv er ei vanskeleg prøve: Alle tastane er liksom på ukjende stelle, det er frustrerande å bomme og heile tida treffe andre bokstavar enn dei eg eigentleg vil.

Nei, ein må vel helst rive skinnet av kaldgrauten og gå til innkjøp av ein ny ein, som ideelt sett liknar den førre. I dag er det jo fullstendig umogleg å leva utan PC.

Vel, dette tenkte eg i alle fall. Eg tenkte på alt det viktige arbeidet eg gjer på PC, som i praksis er å skrive ein tekst til Magasinett ein fem, seks gonger for året.

Men i skulesamanheng, kor uvurderleg er ikkje moderne media der! Tja, i mangel på nokon PC byrja eg endeleg å lesa litt pensumlitteratur, ikkje ein augneblink for tidleg, då eksamen er fyrst i desember.

Då innsåg eg også det opplagde, at det er veldig lite fagleg ein finn ut av på ein PC, som ikkje er vel så tydeleg og langt meir praktisk tilgjengeleg i ei lærebok, eller for den del på ei førelesing.

Kva då med det sosiale, Facebook, MSN og liknande? Jo, men ikkje på nokon måte kan det sosiale utbytet ein får av ein PC-skjerm, måle seg med det å faktisk gå ut og møte venene sine, eller invitere dei heim til seg sjølv, som eg no fekk gjort, på ein runde Trivial Pursuit eller rett og slett ei eplekake.

Stemninga kan aldri bli den same på ein PC som i eit rom med fysiske menneske til stades. I tillegg, som den største og viktigaste bonusen, kom all den tida eg rett og slett fekk til overs, som eg ikkje lenger bruka til å surfe rundt på innhaldslause vevstader, google meg sjølv og alle eg kjenner, lytte til listepop og lesa kjendisnyhende, snoke i andres privatliv.

Denne tida er fantastisk god å ha. Det er dei timane ein får nytta til verkeleg å studere verda ikring seg: Eg har store hyller med tallause nedstøva bøker ståande, desse har eg no gjenoppdaga og allereie lærd utruleg mykje av.

Mellom anna ei fin ei om stjernehimmelen, som har inspirert meg til å ta på jakka og gå ut om kvelden, for der å studere eit scenario langt vakrare enn nokon PC-skjerm kan byde ein.

Som heilskap har denne hausten visstnok vore slåande fin i Trøndelag, noko eg no fyrst har kunna stadfeste ved sjølvsyn. Enno er det heldigvis ikkje for seint å gå ein tur i skogen eller danse rundt i ein lauvsvarm på fortauet, og så snart eg no er ferdigskrive, er det akkurat det eg skal gjera.

Likevel er det truleg berre eit tidsspørsmål før eg stikk ned til sentrum og investerer mine nøysamt oppspara kronasjar i det som ganske sikkert blir dauden for denne min åndelege renessanse, ein ny PC.

Kvifor? Hadde eg endå kunne svara på det spørsmålet. Det er ein mani som er uforståeleg jamvel for meg sjølv, det at ein liksom ikkje kan overleva i det lange laup utan denne preglause maskinen til å forblinde seg.

Fjernsynet er forresten nokså likeins, PC-en er berre ulik på den måten at einskilde faktisk treng han i det daglege arbeidet sitt. For dei fleste, og serleg yngre menneske, er mitt inntrykk at han likevel mest distraherer.

Ein blir sitjande og glane utan mål og meining, kjem ingen veg med alt det ein kunne eller burde utretta.

Dette er sikkert gamalt nytt som dei fleste har høyrd preika for seg før, men slik eg ser det kan det ikkje seiast ofte nok. Dei færraste anar nemleg kor glimrande livet eigentleg kan vera, om ein berre prioriterer å oppleva det.

Nyttårsforsettet mitt, som denne gongen kjem i god tid før nyttår, er difor at PC-en heretter skal bli langt meir nedstøva enn dei gamle bøkene i bokhylla mi.

Så, når eg har lese alle bøker både på og utanfor pensum, fått A på eksamen, kjenner heile stjernehimmelen og alle stigane i skogen, kan eg tillata meg å ta ein formiddag med gjennomsyn av alle nyhende på Magasinett.

Ja, som løna skribent vil eg naturlegvis ikkje unnlata å nemne det: Magasinett rular vilt! Resten av Internett, derimot, og i grunnen dataindustrien som heilskap, kan dei hive på sjøen for min del.