Er du ein av dei hylande?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Og kva gjorde eg? Jo, eg berre sto der. Eg. Berre. Sto. Der. Eg sprang ikkje bort til resten av laget som hadde samla seg på midten av banen, eg hadde ikkje eit svært glis klistra over heile andletet og eg hyla definitivt ikkje. Då eg såg vekk ifrå den hylande jenteklynga som hadde klistra seg saman i jubel, såg eg at det var fleire som meg, det var fleire som sto for seg sjølv. Uhylande, uhoppande og likevel overraskande nøgde.

Var eg ikkje like glad som dei andre? Å, jo. Det var eg definitivt. Gleda var like stor som då mamma laga komle til oss i førre veke, eller som då Noreg sitt kvinnehandballag blei OL-meistarar. Likevel følte eg inga trong til gni meg inn i dei andre sveitte medspelarane mine og hyla med den stemma som allereie var øydelagt av å rope ”TO, TRE, SAND!” kvar einaste, bidige gong me vann ein ball. Det var då det slo meg. Der eg sto på banen (medan rumlinga i magen minna meg om at eg ikkje hadde ete sidan frukost) gjorde eg den store oppdaginga som heile menneskeheita har venta på (ja, eg har det med å vera beskjeden).

 

Volleyballaget mitt kunne bli delt opp i to grupper. Klassen min, familien min og venninnegjengen min kunne bli delt inn i to grupper. Lamslått sto eg der i mine eigne tankar, før eg blei slått i hovudet og tilbake til verkelegheita av ei lagvenninne.

 

Faktisk kan eg gå så langt til å påstå at heile menneskeheita kan bli delt inn i to grupper. Den eine gruppa er dei menneska som hyler av glede og av sorg og av at reklamepausen kjem midt i det mest spannande. Den andre gruppa er for dei som ikkje passar inn i hyle-gruppa.

 

Eigentleg dannar dei ikkje noka skikkeleg gruppe, men heller meir ein rest. Likevel skal dei få lov å vera ei eiga gruppe, sidan eg er i mitt gåvmilde hjørne i dag. Den ikkje-hylande gruppa er dei som kanskje blir sett på som anten keisame eller filosofiske – gjerne begge deler. Sjølvsagt er det ikkje noko klart skilje mellom desse gruppene. Det finnes mange små undergrupper, unntak og tilegg, men hovudsakleg altså: to grupper. Dei hylande og dei uhylande.

 

Dei hylande er slike sprudlande, sosiale og glade menneske. Det er dei som snakkar høgt med sidemannen på bussen, utan å bekymra seg for at alle andre som sit i nærleiken vil høyra etter på kva dei seier. Dei hylande er også dei som handlar på sal fordi dei tener 100 kroner på å kjøpe ei bukse som er nedsett frå 500 kroner, men som dei aldri vil bruke sidan den er to nummer for liten.

 

Den andre gruppa som eg likar best (eine og åleine fordi eg er ein del av den) er dei som står i bakgrunnen og ser litt fortapte og grublande ut når dei hylande hyler. Det er desse som kan sitte i ei æve å gruble over om dei heilt hadde misforstått mannen som var på parkeringsplassen og sa ”gå framføre meg i køen, du”, eller om personen som vinkar frå andre sida av gata eigentleg siktar til ein person bak deg. Dei uhylande er dei som alltid studerar dei hylande med undring, og tenkjer: hadde eg berre hatt det lika enkelt og vore like hylande som dei.

Då heile laget hadde fått sett oss til rette på westamaranen på veg heim, la eg meg ned for å slappe av litt. Dei hylande hadde sjølvsagt framleis irriterande mykje energi, og tok til med å spela kort. I over to timar låg eg med auga att og høyrde dei hyle over at dei tapa eit stikk og at dei vann eit stikk. Dei hylte fordi det var deira tur til å stokke korta og fordi dei fekk utdelt dårlege kort. Tilslutt fann eg ut at eg hata desse menneska (ja vel, så hatar eg dei ikkje, men akkurat då var eg heller ikkje så veldig glad i dei. Kva kan eg kalla det? Misunneleg? Ja, det var vel det eg var).

 

Likevel ville eg ikkje (uansett kor kjekt dei hadde det med kortspelet sitt), ha blitt plassert nokon annan stad enn i restegruppa. Eg var glad for at eg kunne liggje i halvvegs i søvne og lytte til hylinga deira medan sinnet breidde seg i kroppen. Aldri om eg ville bytta ut mitt keisame, tenkjande og analyserande liv i mot eit til eit menneske som ikkje ville stoppa opp i gledesrusa over å ha vunne ein kamp og tenkt: menneskeheita er jo søren meg delt inn i to delar!