Ein gentlemanssport


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg synst det er på sin plass å slå eit lite slag for denne fantastiske idretten no som den elendige norske fotballen for fullt er attende på fjernsynet. Folk bør vera informerte om at det faktisk finst meir spanande alternativ.

Denne sporten, som på britisk fjernsyn er den nest største etter nettopp fotball, har knapt nok vore framme i norske media før elitespelaren Higgins for litt sidan vart involvert i ein mogleg korrupsjonsskandale. Den slags har så langt vore fullstendig ukjend i snookerverda, men når det fyrst skjer blir jamvel norske tabloidar plutseleg ivrige.

Det som derimot ikkje har noka sensasjonsjournalistisk interesse ved seg, er all den plettfrie framferda førevist av spelarane i denne teknisk krevjande gentlemanssporten til dagleg. Då er det betre å skrive side opp og side ned om tallause fillesaker i diverse norske fotballdivisjonar, eller som eg såg på framsida av Dagbladet her om dagen: “Les Dorthe Skappels forferdelige historie: Jeg kunne blitt anorektiker.”

Sjølv om snooker med tida har vorte populært også utanfor Storbritannia og grensene for det tidlegare britiske imperiet, er det altså ikkje å forvente at ein gjennomsnittleg nordmann sit med serleg ekspertise på feltet. Det bør difor presiserast at snooker er eit spel som best kan samanliknast med biljard, skjønt reglementet er eit ganske anna.

Det er ikkje uoverkomeleg komplisert; meir utfordrande er den valdsame storleiken på bordet, kombinert med det faktum at alle dei fargerike kulene, som før i tida vart laga av elfenbein og kosta tallause elefantar livet, er mindre og annleis utforma enn vanlege biljardkuler. Atletiske utøvarar av meir fysiske idrettar som til dømes fotball, har det med å le av snookerspelarane som kjem i alle utgåver frå unge og hippe, via magre nerdar med eller utan briller og hår på hovudet, til den meir solide, korpulente gamaldagse typen.

Sjølve saknar eg for så vidt den gamle stilen der dei gjerne sat i stolen og røyka og kanskje tok seg ein pjolter medan motparten gjorde støtet sitt. Men i dag er det ingen tvil om at snooker er ein seriøs idrett som stiller enorme krav til konsentrasjon, teknikk og taktisk forståing. Det er kort sagt utruleg spanande, serleg om ein finn seg ein personleg favoritt å heie fram.

Men sjølv er eg fyrst og fremst ein romantikar, og ser på snooker fordi dette spelet har ein grasiøs eleganse dei fleste andre idrettar skal kike langt etter. Når ein etter kvart går lei av å glane på sveitte menn eller kvinner som med eller utan ski på beina spring ikring og skrik som villdyr, kan ein lene seg attende og kvile tankane med denne beherska sporten der den einaste lyden er av køen og kulene i stille samvirke på den grøne filten, og domaren som av og til må hysje på publikum fordi dei blir hakket for høglytte i den velplasserte applauderinga og like kyndige gispinga si.

Under VM, som kvart år går føre seg i Sheffield i England, har mange av dei årvisse tilskodarane faste plassar. I år beit eg meg serleg merkje i ei som sat der dag etter dag i stendige nye klesdraktar og perlekjede, men med eit andletsuttrykk som var så flegmatisk og verdig at ho minna meg om Margaret Thatcher; kanskje det jamvel var ho. Imellomtida pågår den eine bataljen meir langtekkeleg enn den andre ute på bordet, men keisamt blir det aldri.

Denne gongen gjekk det rett nok til skogen med mine personlege favorittar, Peter “Psycho” Ebdon, Mark “Marvellous” Williams og Stephen “King Hendry” Hendry, men at nye andlet syner seg er jo trass alt positivt. I finalen trekte den unge australiaren Neil “The Thunder from Downunder” Robertson det lengste strået mot skotten Graeme “The Pocket Dynamo” Dott. Sjølv om eliten, med unnatak av ein gryande kinesisk generasjon, framleis held seg innanfor The Commonwealth, verkar framtida lovande for snookersporten på verdsbasis.

Kanskje har herverande reklame jamvel verva nokre norske snookertalent. Det trengst, for eg personleg går ingen internasjonal karriere i møte. Eg har så vidt prøvd å spela på eit autentisk bord, og greidde knapt å halde køen, langt mindre senke ein ball. Det var rett og slett for vanskeleg.