Bondestudentar – På Frogner


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er vekslande kor flinke folk er å kle seg, eg skal gjerne innrømme at eg sjølv no og då let forfengjelege lyster gå føre omsynet til kulden. Så går vi gjerne og frys då, alle me naive og forfengjelege bybuarane i dei tunne jakkene våre og dyre skoa.

Slik eg ser det, er det berre ei einskild sosial gruppe som veit å hanskast med kulde, slik at jåleskapen og varmen finn saman. Med små steg skrid dei ombord på trikken, stavrar seg bort til billettautomaten og stemplar flexi-kortet med ein viss autoritet over oss andre.

Med undertrykt beundring glyttar me bort på desse kvinnene for å sjå om dei er redde for å bli utskjelte eller nedsøla av måling slik dei kler seg, men nei, dei ser heilt upåverka ut. Lyfter den pelskledde armen, tek tak i det gule handtaket og flytter blikket ut på gata.

På Steen og Strøm i dag såg eg noko rart. Eg såg ektemannen. Han opna døri, men det var tydeleg at det ikkje var han som bestemte kvar dei skulle. Han hadde ei stor pelshuve, skjorte og frakk og blanke sko. På ryggen hadde han ein gamal Bergans-sekk, sliten i gulfargen og rufsete.

Viss ho var dronning, var ikkje han konge. Nei, meir som ein prins Albert bak si Elizabeth eller Henrik bak si Margrethe, gjekk han sturen, utan å nå heilt opp.

Eg fekk ilt av han, tenkte at han har nok tråe dagar. Kanskje drøymer han om eit tilvere utan travle butikkar og lange selskap – berre han og børsa, skogen og ein liten hjortefamilie. Ein liten augeblink med makt, berre.

På veg inn og ut av butikkavlukka tenkjer han på dette. Berre ein dag, tenkjer han, ein dag med ein blodig hjort og regnvåte støvlar. Men han veit det aldri kan skje.

Han kjenner sin plass i kuba og traskar stilt ut med den nye gensaren hennar i sekken. Ved sida hans strålar ho, på hælane ein tanke høgare.

Dei er ei myteomspunne gruppe, frognerfruene. Alle snakkar om dei, ingen kjenner nokon. Alle tillegg dei meiningar og oppfatningar, få spør. Og no, på jakt etter makronar på Frogner og svenske klede på Steen og Strøm, har eg endeleg fått sjå dei sjølv.

Dei går på trikken i sentrum og går av på Niels Juels gate eller Lille Frogner allé . Dei har med seg sine menn som små hundar utan band. Utan eit sekunds uro for dei sinte blikka, skrid dei i kring med pels i kåper og huver, stolte og så smått skremmande.

Eg ser ein svinnande stordom i dei, som var dei ein gong artistar på ein 30-talsklubb, statsministerkoner på 60-talet eller dronningar i ei svunne tid. Og sjølv om avsløringar den siste tidi har gjeve pelskåpene enno verre omdøme, er det ikkje til å koma unna; det ser varmt ut. Og eg frys framleis.