Bondestudentar – Apokalypse snart


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg ser føre meg ein enno kaldare mars månad, der gatene i Oslo sakte blir ufarbare.  I april lyt statsministaren ut på slottsbalkongen (den einaste staden i Oslo som er over snøen) og proklamere unntakstilstand. Fyrst arresterer politiet Irfan Bhatti og Karl Ove Knausgård. Berre fordi dei kan. Dei er jo sikkert skuldige i eitt eller anna uansett.

Det neste grepet er at ei ekstraordinær folkerøysting med overveldande fleirtal vel Nytt på nytt-redaksjonen til å styre landet i unntakstilstanden. Per Sundnes blir innsett som kulturministar og ordspelfrekvensen på framsidene av riksavisene eskalerer. Folk flest er godt nøgde og seier mellom seg «No har me endeleg fått politikarar som held det dei lovar».

I juni kjem dei fyrste kritiske røystene når ein journalist i Klassekampen (den einaste avisa som ikkje er infiltrert av myndigheitene enno) avslører at justisminister Lindell og statssekretær Ragde har brukt unntakslovene til å avrette Knausgård i løynd for å ha villeidd ungdomen. Opptøyane som fylgjer blir brutalt slegne ned med Nytt på nytt-kavalkadar på NRK 2 døgnet rundt.

Men ei glo er kveikt og på Vestlandet går rykte om at det blir planlagd lausriving av dei nynorskdominerte områda med Aasentunet i Ørsta som politisk og kulturelt maktsentrum. Styringi der, med den karismatiske leiaren Gerilja-Grepstad i brodden har brukt alle statstøttemillionane frå året før på å få tunet fritt for snø, og folk kjem frå alle delar av landet for å få sjå den berre bakken att.

Mange av dei som kjem blir verande att for å ta del i den komande frigjeringsstriden. Jon Fosse skriv på oppdrag frå Grepstad ein ny nasjonalsong, men den blir arkivert umiddelbart då ingen forstår innhaldet. Lineinndelingi var dessutan frykteleg uklår. Folk flest syng i staden Millom Bakkar og Berg.

Den kampglade rørsla får ein tidleg siger fyrst i juli, når den nedsnødde redaksjonen i Bergens Tidende blir kuppa av opprørarar frå Universitetet i Bergen. Dei endrar namnet på avisa til Gluggen, forbyr umiddelbart bokmål og dessutan alt redaksjonelt innhald som ikkje handlar om litteratur, anna kunst eller sendeskjemaet til NRK P2. Sjølv om kuppet skapar umiddelbar optimisme blir avisa snart marginalisert og vestlendingane skjøner at det framleis står mykje arbeid att.

Ei uventa støtte kjem når Venstre-leiar Trine Skei Grande går ut i Nationen og erklærer seg som ei grein av den nynorske skogen, avbilda med fyrsteutgåva av Aasen si diktsamling Symra. Unntaksmyndigheitene, ved propagandaministar Nærum, skriv ut ein umiddelbar arrestordre på Grande, men står makteslaus når ho, saman med tre utvisingstruga somaliarar søkjer kyrkjeasyl i Ulvik.

Der, i kyrkja, giftar ho seg i september med opprørsleiaren Grepstad og dei to blir eit symbol på den mellommenneskelege kjærleiken som legg grunnlaget for den nye staten.

Men triumviratet som styrer frå Marienlyst strammar jarngrepet om landet når dei høyrer om denne gryande optimismen i vest. Og for å demoralisere folket, pålegg dei TV2 å utelukkande sende Mot i Brøstet og Karl og Co, med bakom scenene-dokumentarar imellom. Folk blir lamslegne og dei som ein gong hadde vore staute og kampviljuge orkar no ikkje lenger tanken på å fara utom huset.

Optimismen blir snudd til kollektivt apati og den draumen dei bar på då snøen la seg blir til segner fortalde ved peisen om når Aasen ein gong skal koma att og frigjera dei. Og slik er ståa i november når frosten oppgraderer. Og når klokkene ikkje ringjer klokka fem julekvelden 2010, frys den siste greini på Gamal-Bjørki i Aasentunet og Noreg ligg audt. Att heng klangen etter Tone Damli Aaberge sin siste song, den som ikkje var så fin.