Annankvar student fryktar arbeidsløyse

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet kjem frå ei undersøking gjort av Sentio for Universitas og Norsk studentorganisasjon og tilseier at 150.000 studentar fryktar at overgangen til arbeidslivet kan bety ein overgang til arbeidsløyse. Undersøkinga er basert på nettintervju av eit representativt utval på 1.001 studentar, skriv Universitas.

Ved Universitetet i Oslo svarer 57 prosent «ja» på spørsmålet om dei fryktar å bli arbeidsledige. Ved Oslo Met, tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus, svarer 39 prosent det same.

Dei fleste masterstudentar er i jobb etter eit halvt år

Ingvild Reymert, som jobbar med Kandidatundersøkinga ved Nifu, meiner langt færre har grunn til å vere uroa enn det undersøkinga viser.

– Om 50 prosent ikkje skulle få jobb ville det vore eit stort avvik frå våre tidlegare undersøkingar. Hovudfunnet frå våre undersøkingar er at dei aller fleste mastergradsstudentar er i jobb berre eit halvt år etter studiet.

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (Nifu), har sidan 1970-talet gjennomført Kandidatundersøkinga, som ser på jobbtilpassinga til masterstudentar.