Håpar på Trine Skei Grande som kunnskapsminister
Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark om regjeringsforhandlingane, året som har gått, og håp for det nye året.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Leiarane og nestleiarane i Venstre, Høgre og Framstegspartiet går inn i den siste veka med regjeringsforhandlingar på Jeløya.
Kva er dei viktigaste sakene for Unge Venstre i regjeringsforhandlingane?
– Me meiner me bør få til ein skikkeleg rusreform som regulerer narkotika, og som ikkje straffar rusavhengige. I tillegg skal me kjempa for at me skal ta betre vare på barn som er på flukt, me skal kjempa for nedlegging av pelsdyrnæringa og ikkje minst for mindre oljeutvinning og meir satsing på fornybar energi, seier Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark.
– Kva ministerpostar håpar du Venstre får?
– Det finst mykje bra å velja mellom, så det er litt vanskeleg å svara på. Eg håpar i alle fall at Trine blir kunnskapsminister.
LES OGSÅ: FpU-leiaren: – Desse sakene bør Frp gi seg på
Beste skuleval nokon gong
Sondre Hansmark blei valt til ny leiar i Unge Venstre i slutten av oktober. Tidlegare denne hausten gjorde Unge Venstre sitt beste skuleval nokosinne. I tillegg til det, er to andre ting som har gledd Hansmark særleg mykje det siste året:
– At liberale krefter stort sett sigra i Europa, og at Venstre klatra over sperregrensa to stortingsval på rad.
– Kva har skuffa deg mest i 2017?
– At Martine slapp kula på Paradise Hotel.
– Kva er det største ønskjet ditt for 2018?
– Alle snille barn svarer «fred på jord», så eg kan i alle fall ikkje seia noko mindre ambisiøst enn det.
– Kva bok vil anbefala andre å lesa no?
– Eg vil anbefala alle å lesa sjølvbiografien til Jens Stoltenberg. Det er ein fantastisk spennande bok som skildrar maktkampar og politikkutforming bak kulissane.