Tunisia ramma av kraftige demonstrasjonar mot kutt i budsjettet

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 12.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tunisia: I den nordvestlege byen Thala, nær grensa til Algerie, vart hæren sendt inn etter at demonstrantar brente ned den nasjonale tryggleiksbygningen. Brannen tvang dei ordinære politistyrkane til å evakuere frå byen, melder Reuters.

– Krava våre omfattar først og fremst avskaffinga av finanslova frå 2018, reduksjon av prisane på viktige varer, reversering av privatisering av statlege einingar, seier ein tunisiar til BBC.

Han peikar òg på kutt i trygd og helsedekning for arbeidsledige samt utdeling av bustadar til familiar med låg inntekt, og på kravet om ein nasjonal og strategisk plan i kampen mot korrupsjon.

Tunisia har hatt ni regjeringer på seks år

Dei valdsame samanstøta har kome som følgje av at regjeringa ikkje har klart å halde prisane nede og at dei òg har auka momsen for å få råd til å betale internasjonale kreditorar.

IMF har no vorte den største kreditoren og har bede regjeringa om å kutte offentlege arbeidsplassar straks. Mange trur ikkje dette vil hjelpe med å redusere arbeidsløysa, i alle fall ikkje på kort sikt, og arbeidsløysa er allereie på over 12 prosent. IMF gav landet 2,9 milliardar dollar i lån i 2015.

Tunisia har opplevd økonomiske nedgangstider etter folkeopprøret under den såkalla arabiske våren 2011. Store demonstrasjonar førte då til ei fredeleg maktovertaking etter at den autoritære leiaren Zine al-Abidine Ben Ali, som hadde kontrollert landet i over 20 år, flykta frå landet. Ni ulike regjeringer har ikkje klart å skape økonomisk stabilitet i landet etter dette.

Fire av ti 25 eller yngre

Fire av ti tunisiarar er 25 år eller yngre, og desse er overrepresenterte i demonstrasjonane. Dei mange ungdommane som er sette bak lås og slå, blir skulda for tjuveri, hærverk, eldspåsetting og sperring av vegar.

– Demonstrantane i marginaliserte område er portrettert av styresmaktene og media som plyndrarar og kriminelle, seier Olfa Lamloum, den lokale leiaren av International Alert, til New York Times. Lamloum meiner dei berre uttrykkjer «ekte sosial desperasjon».

Video: Euronews