Karoline Norheim Fausk frå Omvikdalen og sambuaren Airam opplevde terrorangrepet i Tunisia onsdag denne veka på nært hald.

Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen
Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Karoline Norheim Fausk (22) er til dagleg busett på Gran Canaria, kor ho har budd sidan ho var 18 år. Fredag den 13. mars reiste ho og sambuaren Airam  på det som skulle vera eit draumecruise med det enorme cruiseskipet «MSC Splendida». Avgangen var i Barcelona, med anløp innom Frankrike, Italia og så Tunisia onsdag morgon.

— Her skulle vi velja oss ulike utflukter medan vi låg i hamn. Eg og Airam valte oss ein utflukt litt utanfor byen. Då vi kom tilbake til skipet klokka 14, merka vi at det var fullt av politi overalt, men vi ante då framleis ikkje kva som hadde skjedd, fortel Karoline på telefon frå MSC Splendida.

Oppe på dekk fekk dei høyra at det hadde vore eit terrorangrep på eit museum i sentrum av Tunis.

LES OGSÅ: Fem tusen samla mot ekstremisme 

Grufulle historiar
— Straks etter kom ei melding over høgtalaranlegget om det som hadde skjedd, og at fleire av medpassasjerane våre var råka. Vi fekk òg melding om å halda oss i ro på skipet, av di det var her vi skulle vera tryggast, fortel ho.

Etter ei stund kom dei overlevande passasjerane tilbake til skipet i følgje av politi, millitærtanks og ambulanse, og blei tekne imot av dresskledde ambassadefolk. Rundt eitt døgn etterpå blei det halde eit orienteringsmøte på cruiseskipet, der grufulle historier frå dei overlevande kom for dagen. Mange hadde òg mista sine nærmaste.

— 9 av medpassjerande våre var døde, medan mellom 12 – 14 er skadde og ligg på sjukehus. På torsdag var der òg endå nokre som var sakna, fortel Karoline.

Til saman 22 personar skal ha blitt drepne i angrepet i og utanfor museet. IS har teke på seg ansvaret.

— Vi er berre sjeleglade for at vi valte den utflukta som vi valte, og at ingen av venene våre om bord på skipet blei råka. Men vi har sterk medkjensle med dei som mista sine nærmaste, det heile har vore som ein vond draum som vi framleis ikkje kan tru har skjedd.

Då vi snakka med Karoline fredag, skulle dei gå i land i Barcelona igjen der turen starta.

— Vi blei rundt 14 timar forseinka på grunn av det som skjedde, men tenkjer at det er ein bagatell i denne samanheng. Vi er berre glad for at det er over no, og at vi snart er trygt heime igjen, sluttar Karoline.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE