Skal forska på ny teknologi i landbruket

Forskarar undersøkar korleis digitalisering, robotar, dronar og annan teknologi kan vera med på å utvikla små og store bruk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ruralis, tidlegare Norsk senter for bygdeforsking, har fått 4,8 millionar kroner til prosjektet.

– Dette handlar om meir enn reiskapar til å hengja på traktoren, skriv seinarforskar Jostein Vik på nettsidene til Ruralis.

Han forklarer at det å få kunnskap om korleis bøndene kan dra nytte av den teknologiske utviklinga på best mogleg måte er ein sentral del av problemstillinga.

Det kan til dømes dreia seg om robot- og droneteknologi, digitalisering, sensorteknologi, elektrifisering, presisjonsjordbruk og så vidare, heiter det vidare.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking, Felleskjøpet Agri, Norsk landbrukssamvirke, Mære landbruksskole, NTNU–Institutt for tverrfaglege kulturstudium og Landbruks21 Trøndelag.