Nabostøy viste seg å vere fortvila student

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var klokka 12.50 sist onsdag at det kom inn telefon til Politiet i Sør-Vest frå ein bekymra nabo som høyrde skrik og klynking frå naboleilegheita. Naboen var bekymra for at det skjedde noko alvorleg. Politiet rykka ut, og møtte då ein uventa situasjon.

Reaksjon på eksamensresultata

– Dei kom då i kontakt med huseigar og huseigar si dotter, og det viste seg at ho hadde reagert på eksamensresultata, seier Victor Jensen i Politiet i Sør-Vest, til Framtida.no.

Jensen var ikkje den som kom til staden, men kan fortelle at det ikkje er kvar dag dei rykker ut grunna fortvila utbrot frå studentar.

– Det er ikkje uvanleg at vi sender patrulje og kontrollerer adresser etter bråk og støy, men det var ein litt uvanleg bakgrunn for skrika, seier Jensen.
– Det var kanskje alvorleg nok for den det gjaldt, men iallfall ingen fare for liv eller helse, seier han.

Twittermeldinga vart først omtala i Universitas.