Spytting på gata kan bli legalisert i Bergen
Spytting på gata kjem til å bli legalisert i Bergen på onsdag, viss bymiljøetaten får det som dei vil.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bergen kommune har eit forbod mot å spytte på gata, men etter eit forslag frå Julian Silden Langlo kan det no bli oppheva, melder Bergensavisen.
Bymiljøetaten tilrår nemleg at bystyret onsdag skal vedta forslaget om å legalisere gatespytting.
– Spytting er kanskje stygt, men bør ikkje vere straffbart. Dette er ikkje så komplisert. Spytting på gata må legaliserast, seier Langlo til Bergensavisen.
Det er politivedtektene i byen som seier at spytting er straffbart. Onsdag skal det stemmast over nye vedtekter. Det har mellom anna komme forslag om å tidfeste at det skal vere nattero mellom klokka 23 og 6, ei liberalisering av måke- og strø-reglane og at det skal bli lov å urinere i fjorden.