Norske Maja Lunde danka ut Dan Brown

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

“Bienes historie” fortset å summe – langt utanfor landegrensene. Det synest som om boksuksessen ikkje tar slutt, melder VG.

Romanen har slått til på ein av dei viktigaste bokmarknadane i verda. Ifølgje det tyske bokbransjemagasinet Buchreport selde den meir i Tyskland enn Dan Browns nyaste litterære stikk.

– Dette er verkeleg noko av det råaste vi har vore med på, seier Annette Orre, agent i Oslo Literary Agency til VG.

Avisa har også fått Maja Lunde sjølv i tale. Ho seier blant anna:

– Veldig, veldig moro. Og no føler eg at alt dette gir meg ei ro, faktisk. For eg frykta jo at dette kunne blitt ein typisk «one hit wonder». No føler eg meg trygg på at det ikkje er det.