Biene forsvinner raskt, og me er enno ikkje heilt sikre på kvifor. Men her kan du sjå konsekvensane om dei skulle bli utrydda – det er ikkje smågreier.

Biene har ikkje ei veldig tydeleg rolle i dagleglivet ditt ved første augekast, men om du ser litt etter er det utruleg mykje i verda som ville forandra seg drastisk om alle biene skulle døy.

Tidlegare har me trekt fram biene som eit av fem dyr som kan redda verda – no har AsapSCIENCE laga ein video der dei viser fram kor mykje biene har å seia på ein enkel måte.

Sjå videoen her, via AsapSCIENCE

LES OGSÅ: Kan biene løysa antibiotika-krisa?

Det er mange teoriar om kvifor biene forsvinn. Ein av dei siste solide teoriane er at stoffet neonikotinoid som blir brukt i mange sprøytemiddel har skulda – det kan påverka nervesystemet til biene i tillegg til å drepa skadedyr i avlingane.

Ein annan teori, som ein skal ta med ei solid klype salt, blir lansert i Doctor Who. I BBC-serien er biene romvesen som flyktar frå jorda for å sleppa unna når ei fiendtleg gruppe romvesen prøver å stela heile jorda.

Ikkje heilt ulikt reaksjonen til delfinane i Douglas Adams sin «Haikerens guide til galaksen», med andre ord:

LES OGSÅ: Kva er det med Doctor Who?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE