Forskarar slår alarm – fryktar for overlevinga til biene

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå ABC Nyheter

Det er middelet neonikotinoid som no er funne i honning frå heile verda, hevdar ein ny studie.

Plantevernmiddelet er kjent for å vere skadeleg for bier, og no fryktar forskarar at eksponeringa for stoffet biene har fått har sett dei i alvorleg fare, skriv nyhendebyrået AFP.

Fann middelet i 75 prosent av prøvane

Det er forskarar ved Universitetet i Neuchatel i Sveits som står bak studien. Dei har samla inn honningprøvar frå lokale produsentar over heile verda og testa prøvane for fem typar neonikotinoider.

Resultatet visar at 75 prosent av alle honningprøvane innehaldt minst ein neonikotinoid, av desse igjen inneheldt 30 prosent éin enkelt, 45 prosent inneheldt to eller fleire og 10 prosent innehaldt fire eller fem neonikotinoid.

Forureininga var hyppigast i Nord-Amerika der ho låg på 86 prosent. Asia og Europa låg på 80 og 79 prosent.

Uroa over funna

Det internasjonale Naturpanelet (IPBES) har tidlegare slått fast i ein rapport at over tre fjerdedeler av dei viktigaste matplantene våre er avhengige av pollinering frå bier og andre insekt for å bli til.

Det er desse konsekvensane forskarane no fryktar, og Chris Connolly ved Universitetet i Dundee kalla funnet i den nye studien for alarmerande:

– Nivåa som er oppdaga er nok til å påverke hjernens funksjon, og det kan hindre deira evne til å pollinere avlingane våre, seier han til nyhendebyrået.

Professor Felix Wackers frå Lancaster Universitet er redd nivået for skadelege plantevernmiddel kan vera langt høgare enn det som det er mogleg å måle i honning.

Lynn Dicks ved Universitetet i East Anglia meiner likevel at funnet i studien ikkje kan gje eit presist bilete av trusselen mot bier.

– Vi veit ikkje korleis nivå målt i honning stiller seg til dei faktiske nivåa i nektar og pollen som biene er utsett for, seier ho.

Omdiskutert

Plantevernmiddelet det er snakk om her er omstridd, og har blitt mykje diskutert tidlegare. I 2013 innførte EU eit delvis forbod mot middelet, med bakgrunn i at det kan forårsake biedaud. Noreg vedtok i 2013 bruksavgrensninger for tre neonikotinoider.

Ifølge NRK har forslag om forbod møtt stor motstand fleire stader i verda, fordi plantevernmiddelet har vist seg å vera svært effektivt mot skadedyr.

Allereie i 2013 blei plantevernmiddelet imidakloprid, som hadde forårsaka massedød blant bier i USA, funne i norsk rapsproduksjon. Les saka her.

Fakta om pollinering

  • Over tre fjerdedeler av verdas matplantar er avhengige av pollinering for avling og kvalitet.
  • Dei fleste pollinatorar er ville og omfattar dei fleste arter av bier og nokon artar av fluger, sommarfuglar, møll, veps, biller, fuglar, flaggermus og andre virveldyr.
  • Omfanget av jordbruksvokstrar  som er avhengig av pollinering har auka med 300 prosent dei siste 50 åra, noko som gjev ein indikasjon om at tal arbeidsplassar som avhenger av pollinering også har auka.

(Kjelde: Miljødirektoratet)