Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som i romanen Vrengt som Harald Rosenløw Eeg i 1997 vann Brageprisen for, tek handlinga i Stjernetrekker utgangspunkt i noko som kan likna eit framtidssamfunn.I boka Vrengt skildrar Rosenløw Eeg tilværet til fire ungdomar som er innestengde i eit kjøpesenter. I verda utanfor dyrkar alle det perfekte der ingenting er på tilbod. Og slik som dette romanuniverset utspelar seg bak glasveggene i kjøpesenteret, møter ein i Stjernetrekker den unge jenta Stella som òg lever bak ein vegg av glas. Stella har vanskar med å leva andre stadar enn innanfor sitt eige skjermbilete og veit ikkje så mykje om livet utanfor den faste, hemmelege chattekanalen sin. Men i den fiktive datarøynda lever ho sterkt, der chatting og e-post er den einaste måten å snakka saman på.

Den elektroniske einsemda dreg Stella inn i eit urovekkjande nett og nettverk, der romanskrifta blir med. Og det er vel kanskje denne språkkombinasjonen av e-språk og indre psykologi som er det mest originale ved romanen. Stella har avtala med ein av chattevennene sine at dei skal møtast, men like etter at dei har avtala dette, fell Stella i koma. Det er her den nye verda opnar seg, eller er det den gamle, den sanne og verkelege?

I alle fall glir Stella inn i ei verd utan teknologiske hjelpemiddel og i sjukesenga, langt inni komamedvitna møter ho bestefar sin. Dette draumeaktige samværet med bestefaren vert ei opning til realismen og kvardagen, til ”normalprosaen” som kan seiast å stå i sterk kontrast til samtalane som blir førte på nettstaden Hackers Underground. For i Hackers Underground er det vanskeleg å følgja med for ein ikkje-hackar, men språket verkar truverdig og bortimot dokumentarisk. Stjernetrekker inneheld både eit språkleg- og eit psykologisk prosjekt, ganske fritt frå streng moralitet og pedagogiske peikefingrar. Romanen syner fram ein ny type lausrivingsproblematikk, der det er mediumet og ikkje foreldra som er det som er vanskelege å frigjera seg frå.

Rosenløw Eeg sin skrivestil er som vanleg fullspekka av metaforar og metaforane haglar som eit evigladd magasin over oss, og tek oss inn i eit hektisk univers fritt for tenkjepausar. Og kanskje er det akkurat det forfattaren vil, skriva ei bok i same tempoet som to kjappe hender tastar over eit tastatur, i intens chatting. Dette er som sagt ikkje noko oppdragar-bok, men ei bok som talar til si målgruppe på same måten som eit dataspel er oppbygd og skal spelast etter sine reglar. Kort sagt, ei bok til ungdomen, på ungdomen sine eigne premissar.