Bokmelding: Heimkomst du såg ikkje denne kome

Når far til Heine døyr, må han heim og møte fortida. Heimkomst er ei urovekkjande forteljing som du ikkje vil, men må lese vidare.

Hanna Marie Haug
Publisert

Du veit den kjensla når du høyrer at noko sjukt har skjedd med ein du vaks opp med?

Du får ei oppriktig klump i magen, og samstundes vil du vite meir. «Ikkje sei meir. Jo, gjer det.» «Eg vil ikkje høyre, men fortel.»

Den kjensla har eg etter å ha lese debutromanen til Odd Vegard Paulsen.

Heimkomst

Forfattar: Odd Vegard Paulsen

Forlag: Kagge

Målform: Nynorsk

Utgjeve: 2025

Sjanger: Roman

Varslar fare

På omslaget står eit einsamt tre i eit tåkelagt og frodig landskap. Dei gule, klåre bokstavane Heimkomst varslar fare. Eg førebur meg på lite latter.

Heine er ein ung vaksen mann som kjem heim til bygda for farens gravferd. Ein skjønar fort at noko skurrar. Vi har alle noko sjukt i oss, men hos nokre får det endå meir plass. Far til Heine og systera Hanna var psykisk sjuke, og no er han død. Men han har lagt noko att.

Mange bøker har ei overraskande vending, men eg lovar at du ikkje såg denne kome. Det er beint fram sært. Avvikande. Ikkje så langt uti boka blir eit svært usannsynleg forhold avslørt.

Unaturleg mange punktum

Handlinga er treig og det er lite som skjer. Det er dei enkle orda deira, dialogane, som ber ho vidare. Det gjer ho lett å lese, og eg hoppar lett frå ord til ord, side til side. Men eg synest forfattaren set punktum for ofte. Unaturleg ofte. Eg blir uroleg av det.

Eg er på staden der dei er. I bakkane, bilen og på naustet. Bileta frå mine eigne bakkar, bilar og naust frå oppveksten siv inn i skildringane. Forholdet mellom Heine og systera blir skildra som varmt og kaldt om kvarandre. Dei gode augneblikka varar så kort, men då blir det lyst. Stille lyst. Lik lys som skin gjennom tynne blondegardiner i vindauget. Ikkje skarpt og klårt, men døyvt og mildt.

– Kva er greia med han?

Vi ser alle karakterane gjennom Heine. Dei er ikkje berre gode. Ikkje han heller. Han gjer meg fortvila. Kvifor er han så arg og kvass? Kvifor som eit barn, men vaksen? Han seier slike ting som ein tenkjer, men ikkje bør seie høgt. Eg forstår han ikkje, og det tvinga meg til å bla vidare. Kva er greia med han eigentleg?

Men så, med tida, adopterer eg kjenslene hans. Sinnet hans blir rettferdiggjort. Det gjev meining, og brått er det over.

Eg, som hadde gleda meg til å sleppe tak i Heine, saknar han. Eg kjenner han ikkje, men eg ser etter han på ferja. Kanskje er det det forfattaren vil? At vi skal sjå etter folk som Heine?

Eg vil sleppe å lese vidare

Temaa er ikkje akkurat dei som krusar på overflata. Det er grov vald og overgrep. Det handlar djupast sett om ein familie med ei fortid dei ikkje blir kvitt, sjølv om dei prøvar.

Eg vart meir arg enn trist av å lese om Heines barndom. Kvifor blir eg trassig? Det er jo ikkje mi historie. Eg trur eg føler meg lurt. Hadde eg berre fått vite alt med ein gong, så kunne eg forstått meir. Eg blei utelaten, halden utanfor. Som Heine.

Ei antyding om håp mot slutten hadde vore fint. I Heimkomst er det ganske mørkt, og ein forventar ikkje at det skal snu.

Eg vil sleppe å lese vidare. Men eg vil høyre korleis det slutta frå ei stemme i bygda. Eg vil at rykta skal nå meg att, her eg sit på ferja til byen.