– Me må bruka skattane for å få fart på utsleppskutta

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hulda Holtvedt blei valt som nasjonal talsperson for Grøn Ungdom i november.

– Kva har gledd deg mest i 2017?

– Heilt på tampen av året kom det signal frå Stortinget om ei kursendring i ruspolitikken. Rusmisbruk skal bli behandla som eit helseproblem, ikkje eit kriminalitetsproblem. Kursendringa er eit lenge etterlengta oppgjer med forbodslinja, og eg håpar signala frå Stortinget blir følgt opp med ei større ruspolitisk reform.

– Kva har skuffa deg mest i 2017?

– Valresultatet.

Kva er det største ønskjet ditt for 2018?

– Med respekt å melde, eg ønskjer meg eit betre «grønt skatteskift» enn det regjeringa har levert til no. Me må bruke skattesystemet til å setje fart på utsleppskutta og gjere det lønsamt å leve miljøvenleg.

– Korleis er kvardagen som nasjonal talsperson for Grøn Ungdom?

– Det er sosialt, ein får æra av å samarbeide med mange smarte folk og ein lærer noko nytt kvar dag. Så lenge ein også kan like å vere kontorrotte innimellom, er det verdas beste jobb.

Kva bok vil du anbefala andre å lese i romjula?

– Alle bør lese De beste intensjoner av Anne Karin Sæther om norsk olje- og energipolitikk.