Hulda vil sikre gode liv for alle menneske og dyr

Hulda Holtvedt (18) er ny nasjonal talsperson for Grøn Ungdom.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har ganske sikkert sett ho før; i tv-debattar, i Si;D-spaltene eller då ho heldt TEDx-føredrag som 14-åring.

På landsmøtet denne helga blei Hulda Holtvedt valt som nasjonal talsperson for Grøn Ungdom saman med Ola Eian. 18-åringen er med det ein av dei yngste partileiarane i Noregshistoria.

– Kva er dei viktigaste vedtaka de gjorde på landsmøtet dykkar?

– Vi vedtok tiltak for sterkare personvern for barn og unge, og gjekk inn for ei utgreiing av modellar for aktiv dødshjelp i Noreg. I tillegg har vi lagt oss på ei meir moderat linje enn moderpartiet i spørsmålet om redusert arbeidstid. Vi vil ikkje redusere arbeidstida med det første, av omsyn til berekrafta i velferdsstaten.

– Kvifor er det bruk for Grøn Ungdom i norsk politikk?

– Vi er kompromisslause i klimapolitikken, og vi er blokkuavhengige. Begge delane er viktig når vi skal møte miljø- og ressursproblemet med nye og naudsynte løysningar.

– Kva vil Grøn Ungdom merke av forskjell med deg som talsperson?

– Grøn Ungdom går i den retninga landsmøtet vil. Vi skal vidareføre ei linje der klima og miljø er soleklart viktigast. Samtidig skal vi melde oss på andre store samfunnsdebattar, til dømes innanfor skattepolitikk og skulepolitikk. Eg meiner at våre løysningar trengst på fleire samfunnsområde.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– I møte med klimaendringane er det viktigare enn nokosinne å fornye politikken, for å ta vare på kvalitetane vi verdset i samfunnet vårt, og sikre gode liv for alle menneske og dyr.

– Kva tid blei du med i Grøn Ungdom?

– Eg blei med i 2012.

– Kva er hjartesakene dine?

– Klima, fordi det er objektivt viktigast. Og så er eg opptatt av økonomisk ansvarlegheit, men ingenting er økonomisk ansvarleg om det ikkje er økologisk ansvarleg.

– Korleis kan ein sikre at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Det kan vere vanskeleg å løyse problema til folk som ikkje engasjerer seg. Eg meiner at ungdomar som engasjerer seg bør ta ansvar for å ta vare på interessene til all ungdom, også dei som ikkje er engasjerte.

– Korleis vil Grøn Ungdom gjere skulen endå betre?

– Vi vil gi elevane meir valfridom, blant anna ved å innføre valfag frå femteklasse og gi elevane meir innverknad på den pedagogiske planlegginga av skulekvardagen.

– Kva bør Noreg leve av i staden for olja?

– Vi lever ikkje av olja, men av kunnskap og arbeidskraft. Det skal vi leve av i framtida også.

– Kva er idealsamfunnet?
– Eit samfunn der vi tar større ansvar for medmenneska våre, dyr og natur, og framtidige generasjonar.

Les intervjuet me gjorde med ho i 2013, rett etter ho deltok på TEDx!

Hulda Holtvedt

Til dagleg: Ved sida av politikken tar eg 3. klasse på vidaregåande som privatist.

Favorittfag på skulen: Samfunnsøkonomi

Første verv: Sekretær i Oslo Grøn Ungdom

Medlem i (utanom Grøn Ungdom): Changemaker, Foreningen tryggare ruspolitikk, Natur og Ungdom

Kva gjer du i fritida/hobby: Eg planlegg å begynne å trene etter jul ein gong.