Ada Arnstad: – Vi må bruka makta vår i Stortinget

Leiaren i Senterungdommen om glede og skuffelsar i 2017 – og håp for det nye året.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva har gledd deg mest i 2017?

– Politisk så er den største gleda at over 300.000 menneske røysta på Senterpartiet og samfunnsretninga vår i valet. Det er litt av eit arbeidsoppdrag vi har fått på deira vegne og eg gleder meg til å jobba for dei.

– Den største gleda personleg er at eg har blitt tante for første gong. Utruleg stas!

– Kva har skuffa deg mest i 2017?

– Eg er veldig skuffa over at valkampen i så stor grad vart prega av spel, einskildpersonar og meiningsmålingar i staden for politiske saker. Vi ynskjer at fleire skal engasjera seg i demokratiet og bruka røysteretten sin, eg fryktar at valkampar som den i år verkar mot det formålet.

– Kva er det største ønskjet ditt for 2018?

– Det største ønsket mitt er at vi i Senterungdomen får eit år med mykje politikkutvikling, aktivitet og trivsel. Vi skal få fleire med på laget og få endå betre politikk for utvikling og gode mulegheiter i heile Noreg.

– Kva er framtida for samarbeid mellom sentrumspartia, etter at Venstre no går i regjeringsforhandlingar åleine?

– Det er klart at det markerer eit nytt kapittel i sentrumshistoria når Venstre vel samarbeid med Frp. Eg håpar og trur at me enno kan samlast om gode sentrumssaker i Stortinget, sjølv om Venstre går i regjering.

– Kva meiner du skal til for at dei raud-grøne skal få fleirtal igjen?

– Gjennom fleire saker som nyleg har vore i Stortinget ser vi skissa av kva eit raudgrønt samarbeid tyder. Til dømes den auka fedrekvoten, endringa for pleiepengeordninga, stopp i kommunetvang og revurdering for oktoberborna. Vi må bruka makta i Stortinget for gjennomslag når Noreg har ei mindretalsregjering, og vera gode på å visa kva for eit samfunn vi ynskjer og arbeider for.

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– Eg vil tilrå Frokost med Thorvald, som byggjer på sju samtalar med Thorvald Stoltenberg. Veldig god bok om livet, politikken og verdssamfunnet.