Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Karma er ikkje det same i dag som det ein gong var

Vegen til frelse låg for 2600 år sidan i å frigjere seg frå kroppen og ikkje la han forføre deg, ettersom kroppen var ansvarleg for alle svake sidene til folk. Det er nært knytta saman med det å bli fødd på ny i indisk religion, der sjela di blir reinkarnert inn i ein ny kropp etter at kroppen du har døyr.

Marianne Qvortrup Fibiger er lektor i religionsvitskap ved Aarhus Universitet i Danmark og har skrive boka «Tænkepauser – Karma» om karma, og Framtida fekk ho til å svare på nokre spørsmål om temaet.

– Karma er eit indisk omgrep som på sanskrit betyr «å handle» (underforstått: i verda) seier ho til Framtida.

– I indisk filosofi har ein ideen om at det er sansane og behova til kroppen som får ein person til å handla og engasjera seg i verden i staden for å trekka seg tilbake frå han. Det betyr at ein ved å handle i verda òg kjenner seg knytt til ho.

Målet i ein indisk samanheng er at ein skal freista å frigjere seg frå verda, difor er karma generelt òg forstått negativt, som det som bind oss til verda.

– Karma i indisk filosofi er tett knytta til, og grunngjeving for, kretsløpet til atterfødingane og den posisjonen ein vert fødd til i verda. Viss ein med handlingane sine sankar dårleg karma (dvs. viss ein handlar imot dei etiske og moralske krava som ein vert stilt), så sankar ein dårleg karma, som betyr at ein får ei dårligere atterføding. Gjer ein gode ting, sanker ein god karma og får ei god atterføding. Målet i indisk filosofi er å få ei gjenføding som opplyst person, så ein kan erkjenne at denne verden ikkje er verd å streva etter slik at ein kan frigjera seg frå han.

Karma er altså vegen, ikkje målet. Det avgjer kor vanskeleg det neste livet ditt blir etter at du døyr og kjem attende i ein annan kropp.

«Her og no»- kjensle

– I Vesten har ein overtaket ideen om å sanke god karma ved gode handlinger, men som ei «her og no»- kjensle, eller «Feel good»-kjensle, seier Fibiger.

I Vesten, og til og med i delar av det moderne India, handlar det meir om ein etisk rekneskap vi lagar for oss sjølve som inneheld verdien av handlingane våre.

Karmarekneskapen i Vesten kan sjå slik ut for nokon. Foto: René C.Nielsen/Flickr/CC-lisens.

Ein vonar at ein kan få løn for gode gjerningar allereie i dette livet, til dømes ved å bli anerkjend av andre eller berre ved å vere moralsk tilfreds med seg sjølv.

– I Vesten har ein overtatt ideen om å sanke god karma ved gode handlinger, men som ei «her og no»- kjensle, eller «Feel good»-kjensle, seier Fibiger.

Slik kan karma òg dekkje over den etiske og moralske tvetydigheiten og difor dilemmaet som alle menneske står ovanfor når dei skal avgjere kva handlingar dei skal gjere eller ikkje gjere, og kvifor dei treff slike val slik dei gjer.

Er karma religion?

Det har vore mange ulike tolkingar av religion så lenge det har vore religion. Religionar tolkar òg kvarandre, meiner Fibiger.

– Karma er eit omgrep som kan ha såvel ei religiøs som ei sekulær tyding. Det er konteksten omgrepet inngår i som bestemmer om det får ei religiøs eller eit sekulært verdsbilete.